Hårteigen er et fjell i Ullensvang kommune, Hordaland, og ein av dei mest særprega toppane på den vestlege Hardangervidda; 1690 moh.
Fjellet er ein rest av dei store skuvedekka som under den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå kaledonske orogenese) vart skovne inn over landet fra nordvest. Toppen av Hårteigen er prekambrisk gneis som er skoven opp på lausare skifer (fyllitt) og dannar difor bratte skrentar mot den omliggjande lågare vidda.
Aust for Hårteigen går fotturruta frå Litlos turisthytte til Torehytten, og frå denne ei merka rute opp på Hårteigen. Eit stykke av denne ruta går dels over, dels ved sida av ei glatt snøfonn, og her har Den Norske Turistforening sett opp rekkverk for å letta oppstiginga. Frå Hårteigen er det prektig utsyn over Hardangervidda til Hardangerjøkulen og Hallingskarvet i nordaust, Gaustatoppen i søraust og Folgefonna i vest.
Hårteigen er ein av dei høgaste toppane på Hardangervidda; Sandfloegga som ligg lenger sør, er den høgaste med 1721 moh.
Namnet. Sisteleddet er teig i den opphavelege tydinga, 'retning, lei', og siktar til at fjelltoppen er synleg på store delar av Hardangervidda og tener som vegvisar. Første ledd er visstnok norrønt hárr, 'grå'. Namnet tyder då 'den grå vegvisaren'.