Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 15
Denne versjonen ble publisert av Kjell-Olav Hovde 23. august 2019. Artikkelen endret 889 tegn fra forrige versjon.

Nordlys er den største avisa i Nord-Noreg. Avisa vart grunnlagt 1902. Eigar er Amedia. Hovudkontoret ligg i Tromsø, men avisa har og lokalkontor på Finnsnes og Storslett.

Avisa har omlag 23 000 digitale abonnentar. Papirutgåva kjem ut seks dagar i veka, måndag til laurdag, og har omlag 11 500 abonnentar. Totale lesartal ei gjennomsnittsveke er 50 100 (Kjelde: Mediebedriftenes landsforening 2019).

Nordlys samarbeider tett med andre Amedia-aviser i landsdelen, særskild om nettstaden Nord24.

Sjefredaktør: Helge Nitteberg.

I 1902 grunnla presten Alfred Eriksen avisa Nordlys på Karlsøy i Troms. Eriksen var ordførar og hadde i lengre tid utfordra handelsmannsherredømmet i regionen. Nordlys blei ein plattform for ei rørsle med basis i fiskarbondesamfunna i Troms som samla seg om Arbeidarpartiet og laga eit politisk jordskjelv i 1903, med over 60 prosent oppslutning i landdistrikta og alle dei tre stortingsmandata, med Eriksen i spissen. Avisa var frå starten eit organ for Arbeidarpartiet, sjølv om det ikkje blei formalisert før i 1911. Etter at Eriksen kom på Stortinget, flytta avisa til Tromsø. Nordlys spelte ei viktig rolle for å utvikle ein felles identitet blant arbeidarane i ein by som no gjekk gjennom ei rask transformasjon frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn.

På 1910-talet etablerte avisa seg klart på arbeidarrørslas venstre fløy, særleg markert under redaktøren Peder Kaasmoli, som gjekk til NKP under partisplittinga i 1923. Etter eit kort mellomspel gjenerobra Arbeidarpartiet sine folk avisa og sette inn forretningsførar Ingvald Jaklin som var redaktør samanhengjande til han døde i 1966.

Nordlys blei som den første arbeidaravisa stengd i august 1940, og praktisk talt heile redaksjonen flykta seinare til Sverige. Etter frigjeringa fekk Nordlys eit kraftig gjennomslag – på grunnlag av eit politisk gjennombrot for Arbeidarpartiet i Tromsø, der sjefredaktør Jaklin no blei ordførar, ein moralsk kapital knytt til at Nordlys blei stengd så tidleg, mens konkurrenten kom ut som organ for Nasjonal Samling – og gode inntekter ved at pressa blei brukt til å trykke Deutsche Polarzeitung, avis for dei tyske soldatane i nord.

I 1947 blei Nordlys byens største avis. I dei komande to tiåra arbeidde Nordlys målretta for å bli den leiande avisa i Nord-Noreg, med utbygging av eit nett av distrikts-kontor, og lukkast i 1965 med å passere opplagstalet til landsdelsavisa

Lofotposten. I denne perioden var Nordlys eit organ for ei rørsle som sat med makta både lokalt og nasjonalt. Den tette koplinga mellom politikk og journalistikk viste seg iden sterke posisjonen avisa hadde i det lokale og regionale partiapparatet, noko som Ingvald Jaklin sin tredoble posisjon som ordførar, stortingsmann og redaktør var uttrykk for. Nordlys var eit partiorgan par excellence, men uttrykte også regionale interesser i ei tid der det var stor grad av samanfall mellom moderniseringsvisjonane lokalt og regionalt.

Etter Jaklin heldt Nordlys fram som partiavis også under etterfølgjarane Magne Jønsson og Reidar Nielssen.

Det store skiftet kom under Ivan Kristoffersen (sjefredaktør 1982–1997). Avisa erklærte seg ikkje lenger som partiorgan, og på 1990-talet framstod ho i aukande grad meir som regionalistisk enn som partitru. Dette kom til uttrykk i motstand mot medlemskap i A-pressekonsernet (ei sak som gjekk tapt på slutten av 1990-talet) og ved å støtte nei-sida framfor folkeavstemninga om EU i 1994. Den politiske fristillinga kom til uttrykk ved tilsettinga av Jonny Hansen som sjefredaktør i 1997. Hansen hadde ikkje bakgrunn i Arbeidarpartiet og blei seinare sjefredaktør i konkurrenten Tromsø.

  • Christensen, Pål & Hallvard Tjelmeland: Flammende budbringer : Nordlys gjennom 100 år, 2003, isbn 82-91668-19-1, Finn boken.
  • Dahl, Hans Fredrik (hovedredaktør) (2010) Norsk presses historie. Bind 1-4. Universitetsforlaget.
  • Jønsson, Magne (1976) Nordlys i 75 år. Les boken hos Nasjonalbiblioteket.