Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Sylvarnes

    Legg til huskeliste
    64
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 9 sengeplasser
    • Åpen hele året


    OBS! Det er ikkje booking på Sylvarnes!

    Les meir lengre nede under "Bestilling og betaling".
    Dersom vi veit om grupper som vil overnatte i huset, skriv vi om dette lengre nede på sida.

    Plassering

    Huset er per i dag eigd av Vik kommune og drifta av Vik Turlag. Lokal tilsynsperson. Sylvarnes er ope heile året. Hytta ligger på sørsida av Sognefjorden med tilknytning til Stølsheimen.

    Rom

    Det er to soverom, eitt med 5 senger og eitt med 4 senger, totalt 9 sengeplasser. I tillegg kan ein sove på 2 sofaer i stova. Det finst dessutan 4 ekstra madrassar og ein sovesofa med 2 soveplassar.

    Utstyr

    Hytta har straum og innlagt vatn for oppvask m.m. Oppvarming med vedomn og elektrisk panelomn i nokre rom. Ved finn du i vedahuset, til høgre for inngangsdøra.

    Det er ein utedo nokre meter frå huset. I gangen heng det ei lampe som du kan ta med til utedoen når det er mørkt.

    Kjøkenet er utstyrt med komfyr (4 kokeplater, og steikeovn), kjøleskap og tallerkar/koppar/bestikk for om lag 15 personar. Det er 1 steikepanne og 5 gryter i ulike storleik. Det er fleire kaffitraktar på huset. Ta med eiga mat. Alle tar med søppelet sitt med heim. Det er lurt å ta med bospose, i tilfelle det er tomt på hytta.

    Du må ha med eige, reint sengesett, sovepose eller lakenpose.

    Vatn

    Hytta har innlagt vatn til oppvask m.m. Drikkevatn bør hentast i vassbøtte frå elva.

    Hund

    Det er høve å ha med hund. Hunden bør vere ute, i vedahuset eller i gangen under opphaldet.

    Naturvern

    Hugs alltid sporlaus ferdsel

    Bestilling og betaling

    Det er ikkje mogleg å bestille plass, men dersom det er større grupper som ynskjer å overnatte vil vi gjerne ha beskjed via epost til sylvarnes@dnt.no, slik at vi kan varsle om det her. Vi vil då gjerne også få beskjed dersom overnatting til gruppa blir avlyst.

    OBS!
    Det er venta ei større gruppe på hytta 16.4. - 17.4.2025.
    Det er venta ei større gruppe på hytta 26.7. - 27.7.2025.
    Det er venta ei større gruppe på hytta 30.8. - 31.8..2025.

    Prisar:

    Medlem i DNT: Vaksne 240 kr, ungdom (13-26 år) 130 kr, barn gratis
    Andre: Vaksne 360 kr, ungdom (13-26 år) 300 kr, barn (4-12 år) 160 kr, barn 0-3 år gratis
    Dagsbesøk: Medlem 50 kr, ikkje medlem: 70 kr.
    Det skal betalast for dagsbesøk når ein brukar opphaldsrom og/eller kjøkenet.

    Betaling til Vik Turlag, kontonummer: 3800 30 11191
    IBAN: NO9138003011191, Swift/BIC: IDRENO21
    Betaling med Vipps: 502389 ; Velg kva hytte det gjeld og namn og løpenr. i besøksprotokollen.

    DNT –medlemskap

    Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!


    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

    Fasiliteter

    • 220v

    Passer for

      Annonse

      Adkomst mulig med

      • Kollektivtransport

      Adkomst sommer

      Adkomst til fots på sti frå Ortnevik eller Sylvarnesdalen/Hanekam.

      Elles tilkomst per båt. Rutebåten Vik-Ortnevik-Nordeide stoppar på Sylvarnes. Ruta går heile året, men ikkje kvar dag i veka.

      Ruteopplysingar 

      Adkomst vinter

      Rutebåten Vik-Ortnevik-Nordeide stoppar på Sylvarnes. Ruta går heile året, men ikkje kvar dag i veka.

      Ruteopplysingar  

      SjekkUT | Sylvarnes

      Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

      Les mer om SjekkUT
      64

      SjekkUT-besøk

      recommended