Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Framveksande forvirring?

Det nye favorittordet innan utvikling og bistand er «framveksande» (på engelsk: «emerging»). Vi snakkar no om framveksande økonomiar, framveksande land, framveksande marknadar og framveksande donorar. Kva betyr dette eigentleg, og kvar kom det i frå?

Framveksande forvirring? ฀ Meny AAA Lytt ฀ ฀ ฀ ฀ ฀ Til forsiden Vis bildetekst Framveksande forvirring? Det nye favorittordet innan utvikling og bistand er «framveksande» (på engelsk: «emerging»). Vi snakkar no om framveksande økonomiar, framveksande land, framveksande marknadar og framveksande donorar. Kva betyr dette eigentleg, og kvar kom det i frå? Av Arve Hansen og Ulrikke Wethal ฀ ฀ Sist oppdatert: 26.01.2015 ฀ http://www.bistandsaktuelt.no/arkiv-kommentarer/2015/framveksande-forvirring/[06.10.2015 13:26:57] ฀ Framveksande forvirring? Heilt sidan menneska fyrst byrja å skrive om verda, har vi forsøkt å få ho til å passe inn i forståelege kategoriar. Innan utvikling og bistand snakkar vi ofte om utviklingsland og industriland (vanlegvis u-land og i-land), Nord og Sør og den tredje verda. I tillegg har vi Verdsbanken si inndeling i låg-, middel- og høginntektsland, medan meir radikale kretsar gjerne framleis snakkar verdssystemet sin kjerne og periferi. Nokre kategoriar har forsvunne, andre har overlevd. Den tredje verda er interessant. Dette omgrepet starta fyrst som ein slags tredje utveg mellom amerikansk kapitalisme og sovjetisk kommunisme, men blei fort tatt inn i den geopolitiske logikken til den kalde krigen. Ifølgje denne, og litt forenkla sagt, så fremja den fyrste verda utvikling i den tredje, medan den andre verda, representert av Sovjetunionen og deira venar, motverka utvikling. Det mest interessante er at kategorien den tredje verda har bestått sjølv om den kalde krigen er over og vi aldri lenger snakkar om verken den fyrste eller andre. Ei anna slitesterk inndeling er Nord og Sør. Denne tok form etter Brandt-rapporten i 1980, og er særleg populær innanfor delar av akademia og blant ikkje-statlege organisasjonar. Dette er nok mykje takka vere den meir nøytrale lyden av denne inndelinga versus for eksempel i-land og u-land. Det kan i alle fall ikkje skyldast geografisk treffsikkerheit. (det tek ein del geografisk kreativitet å få Australia til å bli Nord). U-land på si side har sitt opphav i tida etter andre verdskrig, då nyleg frigjorte koloniar i Afrika og Asia skulle få hjelp til utvikling. Omgrepet gjekk frå underutvikla land via i mindre utvikla land til det meir optimistiske utviklingsland. På norsk har nok u-land fått ein meir negativ klang enn det som var meininga. Suksessen til somme land innanfor Sør/tredje verda/u-land har ført til eit behov for spesifikasjonar. Alice Amsden er kjent for å i boka «The Rise of the Rest» frå 2001 å ha delt inn Sør i «resten» og «dei attverande» («the rest and the remainder»). «Resten» var dei som var på rask veg opp, slik som Kina, India, Sør-Korea og Brasil. Dei attverande var landa som hadde mindre erfaring med moderne produksjonssystem. Det kanskje mest interessante med Amsden er inndelinga etter industrikapasitet heller enn berre storleiken på økonomien. Og dei landa ho studerte mest, dei såkalla nyindustrialiserte landa i Aust-Asia, er viktige. Mange ser på deira enorme suksess som ein viktig grunn til dei gamle inndelingane har utspelt si rolle og at vi no treng nye kategoriar. Framveksande økonomiar og ei verd av akronym Det siste store er framvekst. Dette har sitt opphav i finansverda. Der utviklingsland var eit omgrep som skulle føre til meir bistand, skal framvekst føre til fleire investeringar. Dette er tydeleg om vi ser på bakgrunnen for dei mange akronyma som blir brukt om ulike framveksande økonomiar. Både BRIK og seinare BRIKS blei fyrst introduserte av Jim O’Neill i investeringsbanken Goldman Sachs. Dette har som kjent hatt stor innflytelse, og har også danna bakteppet for eit nærare samarbeid mellom desse landa, seinast i form av ein ny, global utviklingsbank. Mindre kjente akronym, som alle har opphav i finansverda, er MIST (Mexico, Indonesia, Sør-Korea, Tyrkia), VISTA (Vietnam, Indonesia, Sør-Afrika, Tyrkia, Argentina og CIVETS (Colombia, Indonesia, Vietnam, Egypt, Tyrkia, Sør-Afrika) for å nemne nokre få. Det er ganske openbart at dette i utgangspunktet handlar meir om interessene til finansverda enn faktiske likskapar http://www.bistandsaktuelt.no/arkiv-kommentarer/2015/framveksande-forvirring/[06.10.2015 13:26:57] Framveksande forvirring? mellom desse landa. Men det faktum at finansverda spelar ei avgjerande rolle for korleis vi snakkar om og kategoriserer land globalt går godt overeins med den aukande makta til denne sektoren. Samtidig er dette ein sentral del av diskusjonen om framvekst, og er også eit teikn på at verda forandrar seg og at vore gamle kategoriar er utdaterte. Men gjer omgrepet framvekst oss noko klokare? Framveksande forvirring? Kva er ein framveksande økonomi? Som alle andre kategoriar er dette sjølvsagt både vagt og upresist. Verdsbanken definerte i Global Development Horizons 2011 framveksande økonomiar/marknadar som «økonomiar med relativt høg grad av økonomisk potensiale og internasjonalt engasjement», og lista opp 62 land, for det meste i Asia og LatinAmerika, som tilhøyrande denne gruppa. Det gjer oss jo ikkje så veldig mykje klokare, for kva betyr relativt høg grad? I tillegg blir omgrepa framveksande økonomiar, marknadar, stormakter («powers») og land brukt om kvarandre. I for eksempel Human Development Report 2013, med tittelen «The Rise of the South», blir alle desse brukte, utan nokon gong å forklare kva det blir sikta til. Pussig nok ser det ut til at dette omgrepet ikkje har ein destinasjon. Vi snakkar om i-land som motpolen til u-land, enda klarare er det på engelsk med «developing countries» og «developed countries». Men det finnast (i alle fall foreløpig) ingen framvekste land, ingen «emerged economies». Dermed er Sør-Korea, OECD-medlem og med ein av dei mest avanserte økonomiane i verda, framleis rekna som framveksande, og gjerne i same kategori som Etiopia, eit av dei fattigaste landa i verda (trass i høg vekst dei siste åra). Dette viser også at land med rask industrialisering blir gruppert saman med land med svært liten industrisektor. Veks inn i den globale økonomien Den største styrken til «framveksande» er at det gjer eit forsøk på å lokalisere grupper av land innanfor utviklingsverda/sør/tredje verda basert på fellestrekk desse landa i mellom, heller enn kva dei manglar i forhold til industrialiserte land/nord/fyrste verda. I tillegg har det hatt relativ stor innverknad ved å påverke prosessane omgrepet forsøker å beskrive. BRIKS er allereie nemnt, og i tillegg ser vi at myndigheiter prøver å oppnå tittelen framveksande enten for prestisje eller for å tiltrekke utanlandske investeringar. Sidan utviklingsland no stort sett berre betyr eit kva som helst land utanfor Nord, indikerer det å vere framveksande ein forskjell frå dei andre. Sjølv om det ofte kan vere uklart om framveksande referer til potensiell eller faktisk suksess, involverer det i det minste noko positivt, ofte relatert til økonomisk vekst. Dette er ein annan viktig forskjell mellom omgrepa utviklingsland og framveksande økonomiar. Der det fyrste referer til ein prosess ut av noko, er dei framveksande på veg inn i noko, vanlegvis inn i ein viktigare rolle i den globale økonomien. Det er nettopp dette dei framveksande økonomiane har til felles. Dei veks seg ikkje berre ut av kategorien u-land, dei veks seg inn i den globale kapitalismen. Sjølv dei sjølverklærte sosialistiske landa i denne gruppa (Kina og Vietnam) har dette til felles med dei andre. Igjen speglar dette godt utviklinga i verda dei siste tiåra, der det etter Sovjetunionens fall ikkje lengre er alternativ til kapitalismen. At det skjer store endringar innanfor dette systemet, med ei global dreiing mot Sør og Aust, er ei anna særs interessant utvikling. Ut i frå dette synast vi kategorien «framveksande» har ein viss nytteverdi. Men han kunne verkeleg trenge ein klarare definisjon for å vere analytisk brukbar, og for ikkje å gå rett inn i klubben av vage og upresise måtar å dele inn verda http://www.bistandsaktuelt.no/arkiv-kommentarer/2015/framveksande-forvirring/[06.10.2015 13:26:57] Framveksande forvirring? på. Eller kanskje det er på tide å innsjå at verda er ein såpass kompleks stad at vi treng mykje meir avanserte kategoriar om vi ønskjer å forklare kva som føregår? Arve Hansen og Ulrikke Wethal er stipendiatar ved Senter for utvikling og miljø ved Universitet i Oslo og redaktørar av den nyleg utgitte boka «Emerging Economies and Challenges to Sustainability: Theories, Strategies, Local Realities» Publisert: 27.01.2015 Sist oppdatert: 26.01.2015 ฀ ฀ ฀ ฀ Skjul kommentarer Beklager, nettleseren du bruker er foreløpig ikke støttet. Disqus støtter de følgende nettleserne: Firefox Chrome Internet Explorer 10+ Safari http://www.bistandsaktuelt.no/arkiv-kommentarer/2015/framveksande-forvirring/[06.10.2015 13:26:57] ฀