Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Øystein ekroll DØDen i norsk mellomalDer av Øystein ekroll Døden er ein viktig del av livet. Det gjeld særleg for mellomalderen, som i periodar hadde den mest aktive dødekulten vi kjenner i europeisk historie. Den aktive minnekulturen for dei døde, der målet var å hjelpe dei til å oppnå frelse og eit evig liv i himmelen hos Gud, vart også uttrykt gjennom gravminna, både deira form, biletmotiv og ikkje minst gjennom innskriftene. Fig. 1. Tuegraver ved Nidaros domkyrkje ca. 1880. Nokre av gravene har steinstøtter eller jern/trekors, men svært mange er berre merka med ein trestokk eller er heilt umerka. Foto: Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 165 DØDen i norsk mellomalDer ravminner frå mellomalderen finst over heile Europa med mange ulike utformingar.1 Gravminna kunne vere laga av mange ulike materialar, både tekstil, tre, metall og stein, men det er stort sett dei av stein som har overlevd til i dag. Det utvikla seg regionale variasjonar både i bruken av steintyper, former og innskrifter. I stigande grad vart minnekulten førebudd og planlagt medan personane enno levde, noko som viser seg gjennom både testament og gravkunst. Dei bevarte gravminna stammar stort sett frå ei avgrensa sosial elite og gravmarkeringane til dei aller fleste menneska kjenner vi lite til. I nyare tid var gravene berre markert med tuer av torv, kanskje med eit kors eller brett av tre (Fig. 1), og slik var det nok også i mellomalderen dersom gravene i det heile var merka. Gravminne frå mellomalderen og tidleg nytid har ofte hatt ein krank lagnad. Gamle gravsteinar over gløymde personar var hendige å bruke til trapper og murar, eller dei kunne knusast og brukast som byggjestein. Mange er brukte på nytt med nye innskrifter, eller dei gamle innskriftene er nedslitne og uleselege. Det finst heller inga samla oversikt over det norske materialet, og nesten kvart år blir vi merksame på nye gravsteinar frå mellomalderen eller delar av slike.2 G kristenDomen oG DØDen kristendomen er på mange måtar ein dødsreligion. Alle etablerte religionar har ei lære eller tankar om ei sjel som har eit liv etter døden eller skal fødast til nye liv på jorda. Dei fleste religionar har også ei klar førestilling om at vi kan oppnå frelse eller ende i fortaping, og at det livet vi fører her på jorda er avgjerande for det som skjer med oss etter døden. Men kristendomen er meir fokusert på døden ved at trua er grunnlagt på dogmet om at Jesus stod opp frå dei døde. Dette er klarast uttrykt gjennom den apostoliske trusvedkjenninga frå 500-talet som seier at Kristus «…vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen…». Utifrå denne læra utvikla det seg gjennom kristen mellomalder ei stor tankeverd om eskatologien, læra om dei siste ting eller enklare: kva som skjer med verda og menneska ved dommedag. For det einskilde menneske var det likevel mest spørsmålet om kva som skjedde etter eigen død? Dette er delvis fordi Det nye testamentet faktisk er både uklart og til dels sjølvmotseiande på dette området, og seinare teologiske utgreiingar har ikkje alltid gjort tolkinga enklare. Det er vel heller ingen eksisterande religion som i større grad har lært at dei etterlevande kan gjere ein aktiv innsats for å hjelpe sjelene til dei døde vidare på den lange vegen fram mot frelse, og dermed knyte sterke band mellom dei døde og dei levande. I mange andre religionar er gravlegginga eller kremeringa det endelege farvel med dei døde, og det er lite dei etterlevande kan gjere for dei døde anna enn å halde minnet deira ved like. 1 2 Dei europeiske standardverka på dette feltet er Panofsky, 1964 og Greenhill, 1976. Greenhill inkluderer også ein del av det norske materialet. Forfattaren arbeider med ein katalog over alle norske mellomalderske gravminne. Den norske litteraturen på dette området er liten, men av eldre, generelle oversikter kan framhevast Bugge, 1926 og Lange, 1955, delvis også Ekroll, 2001. Den nyaste oversikta er Klingberg, 2013. 166 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 Øystein ekroll Dei fleste religionar har også eit fysisk skilje mellom dei levande og dei døde, ved at dei døde blir gravlagde langt frå dei levande sine heimar. I greske og romerske byar var det strengt forbode å gravlegge dei døde innanfor bymurane. I kristen mellomalder og heilt fram til slutten av 1700-talet vart derimot dei døde gravlagde inne i byane, både i og omkring kultbygningane (kyrkjene), slik at dei levande alltid vart minna om døden gjennom både syn og lukt.3 Den kristne dødsfokuseringa og den uklare teologien førte også til ei sterk interesse mellom alle samfunnsgrupper for å sikre seg på alle måtar mot å gå i fortapinga. Etter den faraoiske egyptiske kulturen er det vel inga periode i kulturhistoria der vi finn ein så utvikla grav- og dødekult som i Vest-Europa frå 1100-talet og fram til slutten av 1700-talet, både i katolsk og Fig. 2. Korsmerka gravstein frå 1100-talet ved Vestre Moland kyrkje, Aust-Agder. Steinen låg opphavleg på ei grav, men er seinare også i protestantisk religion. i dag reist opp ved kyrkjegardsmuren. Foto: Øystein Ekroll Dødekulten var todelt: Den eine delen var fysisk i form av gravminne som spente frå enkle former for det store fleirtalet til heile gravbygningar og geistlege institusjonar for kongelege og høge geistlege, som skulle bevare minnet om den døde og be for sjelene deira. Denne delen er nært knytt til helgenkulten, ettersom det var helgenane som kunne formidle bønene til Gud. Gjennom sitt gode føredøme kunne helgenane hjelpe fleire på vegen fram til Paradis, slik at talet på dei frelste stadig auka. Den andre delen var eit teologisk og abstrakt byggverk som forklarte og samordna den katolske læra om kva som skjedde etter døden, korleis eit menneske kunne førebu seg i levande live og ikkje minst kva dei etterlevande kunne gjere for å hjelpe sjela til den avdøde på vegen mot frelse. DØDen i tiDleG mellomalDer I grove trekk kan vi seie at fram til 1200-talet var det prestane som hadde ansvaret for å be for sjelene til alle kristne kollektivt, og det var lite den einskilde kunne gjere for eiga frelse 3 For ei fullstendig og levande framstilling av emnet, sjå Ariès, 1981 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 167 DØDen i norsk mellomalDer Fig. 3. Gravmonument av marmor frå 1100-talet ved korveggen til Giske kyrkje på Sunnmøre, med liggande, trapesforma stein og ståande endesteinar med kors. Steinmaterialet er det same som i kyrkja, og den gravlagde kan derfor vere kyrkja sin byggherre eller –frue. Foto: Øystein Ekroll bortsett frå å leve eit fromt liv etter kyrkja si lære. Den mest utbreidde teologiske oppfatninga i tidleg mellomalder var at etter døden låg sjela i ein slags dvale i grava fram til Dommedag, då dei levande og døde skulle dømast til frelse eller fortaping. Berre martyrar, munkar eller nokre personar som hadde levd svært reine liv, særleg kyske jomfruer, kunne kome direkte til Paradis. Resten måtte vente til Dommedag.4 Moderne ord som ‘grav’ og ‘gravstein’ var ikkje brukt i norrøn mellomalder. Dei vanlege orda var ‘legstad’ og ‘legstein’, som viser til den kristne tanken i tidleg mellomalder om grava som ein kvilestad der dei døde søv fram til Dommedag. Vi brukar enno uttrykka ‘få kvile’ og ‘den siste kvilestad’ om død og grav, og svært mange av dei som døyr i vår tid ‘sovnar inn’, ‘går bort’ eller ‘finn kvile’. Mellomalderske gravskrifter byrjar gjerne med «Her hvilir…/Hic jacet…». Denne ordbruken er ei direkte arv frå tenkinga som vart innført i tidleg mellomalder. Grav oG Gravminne i tiDleG mellomalDer Endringane i teologien førte også til endringar av alt som hadde med gravkunst å gjere. I dei eldste austnorske lovene frå 1100-talet er kyrkjegarden sosialt sonedelt, ved at dei mektigaste – lendmennene – skulle gravleggast nærast kyrkjeveggen, og dei lågaste i samfunnet lengst 4 Grinder-Hansen, 2011, ss. 81-99 168 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 Øystein ekroll Fig. 4. Gravsteinen til Gudrun på Hauge, truleg frå ca. 1200, ved vestveggen til Hallvardskatedralen i Gamlebyen i Oslo. Foto: Riksantikvaren ute.5 Det er også nærast kyrkjeveggen vi finn dei einaste bevarte gravminna av stein som har overlevd in situ, t.d. ved Giske kyrkje på Sunnmøre og Stødle kyrkje i Sunnhordland (Fig. 2). Begge desse gardane var lendmannssete i tidleg mellomalder. Det er liggande, trapesforma steinar med ein reist stein i kvar ende og som ligg inntil sørveggen på koret, slik at takdryppet frå det heilage kortaket fall rett på grava. Slike gravminne er kjende heilt nord til Ibestad i Troms. Dei bevarte monumenta har kristen symbolikk i form av kors med ulike former, velsignande hender eller sol og måne. Men dei har sjeldan eller aldri innskrifter; i beste fall står namnet til den døde. Dei eldste kristne gravsteinane vi kjenner her i landet er laga i den førkristne tradisjonen med ståande bautasteinar med runeinnskrift, t.d. ved Søsterkyrkjene på Gran. Men alt omkring år 1100 blir den liggande, trapesforma gravsteinen innført, og den liggande gravsteinen dominerer her i landet heilt fram til empiren tidleg på 1800-talet. Då vart reiste steinar på nytt dominerande etter inspirasjon av greske og romerske gravsteinar (steler).6 I prinsippet var slike liggande gravsteinar også lokket på ei steinkiste forma etter kroppen til den døde, og typen oppsto i det merovingiske riket på 500-600-talet. Det er bevart nokre døme på slike massive steinkister eller sarkofagar (gno. steinþró = steintrau) på Vestlandet (t.d. Hopperstad, Lyse, Sørbø og Sola), og under golvet i Nidarosdomen er det også bevart fleire steinbygde kister med fals til gravsteinen. Den husforma gravsteinen er kjent frå fleire land, men det einaste norske dømet er ein liten slik stein i Norderhov kyrkje på Ringerike.7 Det finst to ulike utformingar av gravsteinane i tidleg mellomalder før ca. 1220-1230. Dei eine typen er nesten flat, men er dekorert med eit kors i utheva relieff som fyller steinen si heile lengde og breidde. Slike steinar er kjent heilt nord til Bodø-området, men hovudtyngda finn vi langs kysten frå Østfold til Sognefjorden, framfor alt i Agder (Fig. 3). Den andre gruppa har ein høg midtrygg utan kors, men har som regel hatt reiste endesteinar dekorerte med kors eller andre kristne symbol. Denne gruppa finst særleg på 5 6 7 Norges gamle Love, s. 345 og 391 Bugge, 1926, ss. 89-93 Lange, 1955, s. 121 og Fig. 1 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 169 DØDen i norsk mellomalDer Vestlandet, t.d. på lendmannsseta Giske og Stødle, men er også kjent langs kysten sørover til Oslo. Eit godt døme er bevart ved Sørum kyrkje på Romerike, som også var lendmannssete. Ved Hallvardskatedralen i Gamlebyen ligg ein vakker stein av denne typen med ei innskrift som fortel at steinen er lagt over Gudrun på Hauge (Fig. 4).8 Den mest vanlege steintypen til gravsteinar er den lettforma klebersteinen, men det finst også mange døme på bruk av lokale steintypar som kalkstein, granitt, marmor og skifer. For ettertida er det steinane sin mangel på informasjon som er mest påfallande. I beste fall kan dei innehalde eit namn, men aldri når vedkomande døde, alderen, slektskap eller anna kunnskap om den døde. Dei aller fleste har ingen spor etter innskrifter i det heile, men slike kan sjølvsagt ha vore måla, skorne eller hogd inn i veggen ved sidan av eller over grava. Dessutan var slike steinar så sjeldne, særleg på landsbygda, at det var allmenn kunnskap om kven som var gravlagt under steinen. Der det finst slike gravsteinar er det som regel berre ein og nokre stadar to slike steinar ved kvar kyrkje. Interessant nok knyter det seg tradisjonar til fleire slike ‘tause’ gravsteinar i Møre og Romsdal, t.d. i Eikesdalen, i Tresfjord og i Borgund, om at dei tilhøyrde ein spesiell gard i bygda og at steinane heilt fram til 1800-talet vart flytta til nye graver til folk frå desse gardane. Det finst også fleire døme på at gravskrifter er hogde eller skorne direkte inn i kyrkjeveggen rett over ei grav.9 Det var derfor ikkje bruk for ein eigen gravstein. Det aller finaste var å bli gravsett inne i kyrkjeveggen, og her i landet var det berre dei kongelege som hadde denne retten. Kongegraver i steinveggen er kjende frå domkyrkjene i Nidaros, Bergen og Oslo frå 1100-1200-talet.10 Eit godt døme er grava til kong Sverre (død 1202) i korveggen i Kristkyrkja i Bergen. Grava vart merka med ei koparplate med nokre rosande vers i gullbokstavar, og på veggen vart det hengt eit dyrt klede, og attmed der merket hans, skjoldet, sverdet og stålhuva.11 Stormenn eller aristokratar vart gjerne framstilte i kamputstyr, og våpen og skjold kunne donerast til kyrkjene (Fig. 5). Opplysingar om mellomalderske skjold og våpen i kyrkjene er kjent frå 1600-talet,12 og denne skikken heldt seg mellom offiserar fram til 1700talet. Ei rundboga veggnisje med ei barnegrav (arcosolgrav) i Hovedøya kloster kan også vere ei kongeleg grav.13 Likevel er den enkle og knappe forma på gravminna utan tvil eit uttrykk for synet på døden i tidleg mellomalder. Gravmarkeringa sin funksjon var nok like mykje eit signal til dei etterlevande om den døde sin status i livet, som den var eit uttrykk for synet på døden. Livet etter døden var enno prestane sitt domene, og gjennom sjelemesser og bøner tok dei ansvaret for alle kristne sjeler under eitt (Fig. 6). 8 9 10 11 12 13 Fischer, 1950, s. 101 og Lange, 1955, s. 122 T.d. ei prestegrav ved korportalen i Reinli stavkyrkje i Valdres. Fem jernnaglar i korsform i svalgangsgolvet under portalen markerer truleg grava. Den einaste systematiske gjennomgangen til i dag av dei norske kongegravene er Nicolaysen, 1871 Noregs kongesoger 3: Sverresoga, kap. 182 Steinnes, 1972, ss. 106-107 Nicolaysen, 1891, s. 2, 5f., Pl. I nr. 22-23 170 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 Øystein ekroll Fig. 5. Riddaren Bjørn Finnsson, framstilt på gravsteinen som levande, stridskledd og kampklar med jernhatt, skjold og sverd. Den bevarte delen av gravskrifta fortel berre namnet hans, men ikkje dagen og året han døde. Truleg 1. halvdel av 1200-talet. Foto: Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 171 DØDen i norsk mellomalDer Det store skiftet Tidleg på 1200-talet vart ideen om soning og straff for syndene rett etter døden fastare utvikla i den vestlege kyrkja. Tankane hadde levd lenge, men fekk no ei meir teologisk underbygging gjennom læra om Skirselden (gno. skírslareldr, latin purgatorium) som ei reinsing av sjelene for synd rett etter døden. I staden for ein stille svevn fram til dommedag vart no tanken at dei dårlege gjerningane her i livet skulle sonast gjennom pine og straff i Skirselden. Det var særleg dei nyetablerte tiggarordenane fransiskanarane og dominikanarane som gjennom si forkynning spreidde denne læra som vart gjort til eit offisielt katolsk dogme på kyrkjemøtet i Lyon i 1274, der også erkebiskop Jon Raude av Nidaros og fleire norske biskopar deltok. Etter denne læra var det ulik straff for ulike synder, alt etter kor alvorlege dei var. Utover på 1300- og 1400-talet vart Fig. 6. Sira Peter ved Korskyrkja i Trondheim, framstilt på sin eigen ansvaret for eiga frelse meir og meir gravstein i ferd med å lese messa ved altaret, kanskje ei sjelemesse kvart menneske sitt personlege ansvar, for dei døde. Foto: Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider t.d. gjennom å be så ofte ein kunne, gi almisser og gjere gode gjerningar. Men kyrkja kunne også tilby hjelp i form av sjelemesser, forbøner og etter kvart også avlat for synder – alt mot betaling. Det oppstod også ein stor litteratur i form av visjonsdikt om det hinsidige, det viktigaste verket er Dantes Guddommelege Komedie. På norsk grunn er Draumkvedet det best kjende dømet. Det verste som kunne skje eit menneske i kristen mellomalder var ein brå og uventa død, å døy utan å få ta farvel med slekt og vener og skrifte og ta imot sakramenta og den siste olje av presten. Ein brå død gjorde vegen mot Paradis lenger og tyngre, og ein måtte derfor planlegge og førebu seg på døden i god tid. Den beste døden var den som kom sakte, slik at alt kunne ordnast på beste måte. Kunsten å døy – ars moriendi – vart etter kvart høgt utvikla, og omfatta heile perioden frå det første varslet om at livet gjekk mot slutten til etableringa av ein minnekult. Sjølve dødsfallet var berre eitt av mange ledd i dette.14 14 Aries, 1981, ss. 5-29 172 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 Øystein ekroll Den gode tanken bak dette var at folk skulle lære å leve eit godt og kristeleg liv på jorda etter kyrkja si lære, inkludert gode gjerningar, gi gåver til fattige og kyrkjelege institusjonar og kjøpe sjelemesser. Men dogmet førte også gradvis til misbruk i form av avlatshandel og overdriven tiltru til relikviar, og dei velståande brukte store summar på gåver til gode formål og til å kjøpe seg avlat, sjelemesser og gravlegging inne i kyrkjer og kloster. Ikkje sidan det gamle Egypt hadde gravkunsten ei slik blomstring som i hundreåra 1300-1800. Redsla for Skirselden førte også til ei stor mentalitetsendring i Vesten, og gravkunsten endra seg tilsvarande. Frå midten av 1200-talet blir gravsteinane større, dei får lengre innskrifter med meir informasjon og ikkje minst får dei finaste gravminna også bilete av den døde. Begge delane var eit uttrykk for ønsket om ein kommunikasjon mellom den døde i grava og dei levande som ser steinen. Den typiske gravskrifta frå 1200-talet og utover opplyser om tre ting: Den døde sitt namn, dødsdagen (årtida) og ei oppmoding om å be for sjela til den døde. Dei døde er aldri framstilt som Fig. 7. Gravsteinen til kyrkjebyggaren Ragna Åsolfsdotter i Eidfjord kyrkje, ca. 1300. Ragna knelar fram for apostelen Jakob som døde, men som levande med opne kyrkja truleg var vigsla til og lyfter opp ein modell av kyrkja. augo som aktiv søkjer kontakt med Teikning i Riksantikvarens arkiv tilskodaren. Eit godt bevart døme er kyrkjebyggaren «Rike-Ragna» sin gravstein i Eidfjord kyrkje i Hardanger (Fig. 7). Steinen viser ei knelande Ragna som overrekkjer ein kyrkjemodell til apostelen Jakob og innskrifta: «Her kviler Ragna Asolfsdotter som let gjere denne kyrkja. Hennar årtid er julaftan».15 15 Bleie, 2009 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 173 DØDen i norsk mellomalDer Menn og kvinner er framstilte slik dei helst ville framstå i levande live: Gifte koner med skaut (Fig. 8), ugifte jomfruer med utslått hår og krone eller som nonner i nonnedrakt. Geistlege menn er kledd i presteskrud, riddarar framstår i hjelm og brynje med fulle våpen og ‘sivile’ menn opptrer i vanleg klesdrakt. Vektlegginga av dødsdagen er sentral, for det var på denne dagen den døde særleg skulle minnast med bønner og sjelemesser. Det finst knapt ein einaste gravstein frå norsk mellomalder som fortel om når ein person var fødd, levealderen eller kva for eit år dei døde. Dette var heilt utan interesse, for mellomalderens tidstenking var sirkulær, det vil seie at tida og året gikk i ein evig sirkel eller syklus, akkurat som primstaven var ein evig kalendar heilt til Dommedag Fig. 8. Gravsteinen over Guðrið, som berre er delvis bevart. Ho kom. er vist ståande i porten til Det himmelske Jerusalem med eit Dødsdagen er tidfesta som på skriftband med starten på Mariabøna (Ave Maria gratia plena) i hendene, og innskrifta rundt kanten på gravsteinen har fortalt primstaven, til ein helgen sin festdag kva som var dødsdagen hennar. Foto: Nidaros Domkirkes eller så-og-så mange dagar før eller Restaureringsarbeider etter ein slik helgendag. Berre på nokre gravsteinar til høge geistlege finn vi tidfesting etter den romerske kalendaren, med før og etter kalenda (1. dag i månaden), nona (5./7. dag) eller idus (13./15. dag). Først frå 1300-talet blir det vanleg med faste årstal på gravsteinane, eit uttrykk for at tidstenkinga no vart meir lineær og bygd på tanken om ei jamn utvikling langs ein fast tidsakse. Det skjer typisk nok først på gravsteinar til prestar, som hadde kunnskap om tidsrekning.16 Svært mange av gravsteinane her i landet har innskrift på norsk, medan latin dominerer i Danmark, Sverige og nesten alle andre land. Her i landet vart latin stort sett brukt berre på gravsteinar over geistlege, men også mange slike har innskrift på norsk. Dette kan tolkast som at lesekunnskapen på norsk var utbreidd, og at innskriftene var formulerte for å lesast av mange i samtida. 16 Den eldste bevarte gravsteinen som er datert er frå 1286 (Sakshaug, N-T). I Ringsaker (Hedmark) ligg to steinar frå 1318 og 1334, og i Ullensvang (Hordaland) ein stein frå 1380. Tre av steinane ligg over prestar, medan steinen frå 1334 ligg over ei kvinne. 174 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 Øystein ekroll Gravminna HØGMELLOMALDEREN i Dei bevarte gravsteinane frå midten av 1200-talet til midten av 1400-talet er svært ujamt fordelt utover landet. Nesten ingenting er bevart i Oslo og Bergen, men det kan ha historiske årsaker som brannar, plassmangel og byflytting. Ved Nidarosdomen i trondheim vart mange steinar knuste og brukt i nye murar, der dei vart funne ved restaureringa frå 1869 og framover.17 Det finst også nokre gravsteinar bevart i dei mindre byane som Stavanger og Hamar, og nokre steinar finst også ved dei større kyrkjene på landsbygda som Ullensvang og Ringsaker. Nesten alle steinane stammar frå tida før Svartedauden slo til i 1348-1349, og frå dei siste 150 åra av mellomalderen er nesten ingen gravsteinar bevart her i landet. Det er også usikkert kor stort materialet var i utgangspunktet, for steinhandverket døde bokstavleg ut over store delar av landet. i denne perioden er så godt som alle gravsteinar laga for å ligge i golvet inne i ei kyrkje, og dei er derfor heilt plane. Innskrifta står på eit band rundt kanten, ofte på ein skråfas, og på overflata kan vere hogd inn våpenskjold, kristne symbol, eit bilete av den døde eller ein kombinasjon av alt dette. Dekoren er hogd inn med tynne strekar som var måla eller fylte med eit mørkare stoff, slik at bilete og skrift stod klart i kontrast mot steinen. Fig. 9. Gravsteinen til presten Peter (død 1286) frå Sakshaug kyrkje, Nord-Trøndelag. Peter er framstilt ståande med hendene samla i bøn, plassert i ei arkitektonisk omramming som symboliserer Det himmelske Jerusalem. Foto: NTNU, Vitenskapsmuseet. 17 Ekroll, 2001, s. 22 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 175 DØDen i norsk mellomalDer Fig. 10. Marmorgravsteinen til Gotfred Zak som døde i 1360, funnen i vestre del av skipet i Nonneseter kloster i Bergen. Steinen og skjoldet vart fornya i 1469. Under: Innsskriftsfeltet under midttårnet på skjoldet. Etter Bendixen 1893 I Trøndelag og på Møre dominerer i denne perioden marmor fullstendig som materiale for gravsteinar, eit sideprodukt av marmorbruken ved bygginga av Nidarosdomen (Fig. 9). Marmor var eit svært eksklusivt og vakkert materiale, og det er ingen spor etter at steinflatene var måla – berre bokstavane og figurlinjene. Utforminga av steinane tyder på at forbildet var graverte messinggravplater (brasses) frå England og Flandern. Dette var mest eksklusive typen gravminner som var kjent i NordEuropa og det fanst også eit par døme på slike plater her i landet. I Trondheim finst ein eigen type to-delte gravsteinar som er heilt unike i europeisk målestokk, med bilete av den døde i nedre halvdel bedande til ein helgen eller Kristus i øvre halvdel av steinen. Desse steinane er truleg inspirert av erkebispesegla og var dei mest forseggjorde og kostbare gravsteinane som er laga her i landet. Vi kjenner dessverre ikkje prisen på nokon av dei bevarte steinane, men i eit bergensk testamente frå 1309 vart det sett av tolv ‘månadsmatbol’ til ein gravstein, det vil seie ein sum tilsvarande kosten for ein vaksen mann i eit heilt år, eller verdien av 4 gode kyr.18 I 1349 testamenterte ein kannik i Nidaros eit fullt våpensett og eit sølvkar til å kjøpe ein litin læghstein.19 Det er derfor inga tvil om at det var berre ein svært liten del av samfunnet som hadde råd til å legge 18 Diplomatarium Norvegicum II, nr. 93 19 Diplomatarium Norvegicum II, nr. 305 176 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 Øystein ekroll ein gravstein med innskrift og/eller bilete på si eiga eller slektningar si grav. Bruken av gravminner av tre kjenner vi av naturlege årsaker lite til, men dei kan ha vore meir vanlege enn vi trur i dag. Enno meir forgjengelege materialar som glas og måling var også meir brukt enn vi gjerne tenkjer oss: I testamentet sitt frå 1335 kjøpte lagmannen Eindride Simonsson seg gravstad i Kristkyrkja i Bergen. Gravstein er ikkje nemnd, men kona Helga låg alt gravlagd der, så kanskje var ein gravstein alt på plass. Men Einride betalte også for måling av eit St. Kristofferbilete med fargar og sitt eige våpenskjold i ‘steinbogen’ i Kristkyrkja, og dessutan for eit glasmåleri med Maria og våpenskjoldet hans under i Mariakyrkja.20 seinmellomalDeren Frå det siste hundreåret fram til reformasjonen er det også bevart svært få gravsteinar, men nok til å vise at utviklinga også her i landet følgde den internasjonale. Den viktigaste endringa er at gravsteinane no får rettvinkla, rektangulær form, som regel med evangelistsymbol i medaljongar i kvart av dei fire hjørna og eit skriftband mellom medaljongane. Den høg-gotiske majuskelskrifta blir erstatta med seingotiske minusklar, og skrift og bilete blir ikkje lenger framheva med tynne konturlinjer, men med grunne relieff som er nedsøkkte i overflata. Utifrå det vesle bevarte norske materialet ser det ut som at heraldikken blir ein viktig del av gravsteinane si utsmykking, og to marmorgravsteinar med våpenskjold frå ca. 1500 er bevart frå Mariakyrkja i Bergen.21 Ein gravstein datert 1360, men visstnok fornya i 1469, med eit gravert messingskjold nedfelt i steinen er funne i Nonneseter kloster i same byen (Fig. 10).22 Denne gravsteinstypen var teologisk så nøytralt utforma at han kunne brukast av protestantar også etter reformasjonen, og vart brukt heilt fram til 1700-talet. Reformasjonen i 1537 var ikkje minst eit fullstendig brot med den katolske dødekulten og læra om Skirselden, og med eitt slag forsvann heile dette systemet. Ein del av motivasjonen for å investere i kostbare gravsteinar fall dermed bort. Ein stor del av den gamle økonomiske og sosiale eliten, særleg den geistlege, mista også det økonomiske grunnlaget sitt. Det tok eit halvt hundre år før vi på nytt kjenner gravsteinar her i landet, men det er ei anna historie. Øystein Ekroll (f.1957) er arkeolog og arbeider særleg med mellomalderens steinarkitektur. Han er sidan 1992 forskar ved Nidaros domkirkes Restaureringsarbeider i Trondheim. 20 Diplomatarium Norvegicum I, nr. 233 & 243 21 Lidén, 1980, s. 120 22 Bendixen, 1893, s. 6 og Pl.V, nr. 27-28 og Lidén, 1980, s. 168 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014 177 DØDen i norsk mellomalDer litteraturliste ARIèS, PHILIPPE: The Hour of Our Death, New York, 1981 BENDIxEN, B.E.: Nonneseter klosterruiner, Udgivet af Foreningen til norske fortidsmindesmærkers bevaring, Bergen, 1893 BLEIE, LARS O.: Eidfjord gamle kyrkje 700 år: eit historisk attersyn, Eidfjord, 2009 BUGGE, ANDERS: «Vore gamle gravminder», Fortidsminneforeningens årbok 1924, Oslo, 1926 DipLOmaTaRiUm NORvEGicUm: Dn II nr. 93, DN II nr. 305, DN I nr. 233, DN I nr. 243 EKROLL, ØYSTEIN: Her hvilir… . Nidarosdomens gravsteinsutstilling, Trondheim, 2001 EKROLL, ØYSTEIN: «Commenda me prece Cristo: Death and the afterlife as addressed by inscriptions on grave slabs in Nidaros Cathedral, Trondheim», Lena Liepe & Kristin Bliksrud Aavitsland (red.): memento mori. Døden i middelalderens billedverden, Oslo, 2011 FISCHER, GERHARD: Oslo under Eikaberg, Oslo, 1950 GARDELL, SöLVE: Gravmonument från Sveriges medeltid i-ii, Göteborg, 1945 GREENHILL, F.A.: incised Effigial Slabs. a Study of Engraved Stone memorials in Latin christendom, c.1100 to c.1700, i-ii, London, 1976 GRINDER-HANSEN, POUL: «En sjæl efter døden. Et bidrag til Skærsildens ikonografi», Lena Liepe & Kristin Bliksrud Aavitsland (red.): memento mori. Døden i middelalderens billedverden, Oslo, 2011 178 KLINGBERG, HELGE: Gravminner gjennom tusen år, Andebu, 2013 KLüwER, LORENTz D.: Norske mindesmærker, Christiania, 1823 LANGE, BERNT C.: «Østnorske gravmonumenter fra tidlig middelalder», viKiNG bd. XiX, Oslo, 1955 LIDéN, HANS-EMIL: Norges kirker, Bergen, bind 1, Oslo, 1980 LØFFLER, I. B.: Danske Gravstene fra middelalderen, København, 1889 NICOLAYSEN, NICOLAY: «Om de kongelige begravelser i Norge efter hedendommen», Historisk Tidsskrift, 1. Bind, Kristiania, 1871 NICOLAYSEN, NICOLAY: Hovedø kloster og dets ruiner. Udgivet af Foreningen til norske fortidsmindesmærkers bevaring, Kristiania, 1871 NORGES GamLE LOvE iNDTiL 1387, Første Bind, Christiania, 1846 NOREGS KONGESOGER 1-4. Oslo, 1979 PANOFSKY, ERwIN: Grabplastik. vier vorlesungen über ihren Bedeutungswandel von alt-Ägypten bis Bernini, Köln, 1964 STEINNES, ASGAUT: am 370 Fol. Jonas andersson frå Skånevik Om fornminne i Bergen bispedøme 1626, Oslo, 1972 UNDSET, INGVALD: indskrifter fra middelalderen i Throndhjems domkirke, Christiania, 1888 Fortidsminneforeningen • Årbok 2014