Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Etter ti år med restaurering, kunne familien Bråthen Hansen i fjor ta huset frå 1805 ordentleg i bruk. – Me likar oss så godt her, seier Hanne (t.v.) og dottera Ada Lois.

Frå forfall til perle: – Eit håplaust prosjekt, som vart så vellykka

Hanne Bråthen Hansen og Atle Eide Hansen får tilskot frå Riksantikvaren til restaurering av det freda buret på Groven i Haukeli. Dei siste ti åra har også det freda hovudhuset frå 1805 gjennomgått omfattande restaurering.

Riksantikvaren deler i år ut 153,5 millionar kroner til freda bygningar og kulturmiljø som er i privat eige. Dette tilskotet skal bidra til vedlikehald og restaurering av verneverdige bygg og kulturminne rundt om i landet, og bidra til at dei blir sette i stand etter antikvariske retningsliner.

Freda bygningar har ein viktig kulturell og historisk verdi, og det er derfor viktig å bevare dei for framtidige generasjonar. Gjennom denne ordninga håpar ein å lette byrda for eigarane, samtidig som det støttar opp om den nasjonale kulturarven, skriv riksantikvaren på heimesida si.

Freda bygningar og kulturmiljø i Telemark har fått tilskot på til saman kr 6 588 000 i 2025.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS