Alle artiklane med Store norske leksikon (2005 – 2007) som forfattar er delvis basert på den siste utgåva av leksikonet på papir. Det finst knapt artiklar att som berre kjem frå papirleksikonet – alle dei 200 000 artiklane i leksikonet er oppdatert og utvida sidan papirtida.
Artiklane er utan signatur fordi vi manglar namnet på forfattaren. Det kan tyde fleire ting:
- Artikkelen er skrive av ein fagperson, men var under 50 linjer lang. Då stod artikkelen utan signatur i papirleksikonet. Det er tilfellet med storparten av artiklane utan signatur.
- Artikkelen er skrive av tilsette i leksikonredaksjonen i den tidsperioden.
- Artiklane er oppdaterte av mange ulike forfattarar i samband med dei ulike revisjonane av Store norske leksikon.