Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 64
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 6. september 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Å ha god helse betyr at ein har det bra, i kroppen og i kjenslene. Med god helse kan ein leve eit langt og innhaldsrikt liv.

Dei delane av helsa som handlar om kroppen, heiter fysisk helse. Dei delane av helsa som handlar om kjenslene, heiter psykisk helse.

Fordi alle menneske er ulike, er helsa ulik frå person til person. Sjølv om ein er sjuk, kan ein oppleve at helsa er god. Kor god helse ein har, seier blant anna noko om kor lett ein har for å halde seg frisk og fri for skadar. Nokre blir fødde med sjukdommar eller funksjonsnedsetjingar, som pregar helsa deira resten av livet.

Kor god helse ein har kan endre seg i løpet av livet. Måten ein lever på kan påverke helsa, både positivt og negativt. Ein kan for eksempel få betre helse av å ete sunt og trene. Ein kan få dårlegare helse, om ein for eksempel startar å røyke, eller et mykje usunn mat over lang tid.

Når ein snakkar om helse, snakkar ein òg ofte om helseplager. Helseplager er sjukdommar eller tilstandar som gjer at kroppen ikkje fungerer slik som ein ønsker. Dette kan gje dårleg helse. Om ein behandlar sjukdom, kan helsa bli betre igjen.

Helsa blir påverka av fleire ting:

  • Arv: Kroppen er bygd opp av gen, som ein arvar frå foreldra sine. Difor blir nokre personar fødde med sjukdommar, som foreldra deira òg har. Dette gjeld mellom anna visse sjukdommar i blodet.
  • Området ein bur i: Om ein bur ein plass der det er veldig mykje forureining, pustar ein inn luft som ikkje er bra for kroppen. For eksempel kan biltrafikk og fabrikkar forureine lufta.
  • Korleis ein lever livet: Måten ein lever livet sitt på påverkar helsa, på godt og vondt. Å røyke sigarettar, eller drikke alkohol, er skadeleg for kroppen. Andre ting er positive for helsa, som for eksempel å trene og ete sunn mat.
  • Kva helsetenester ein kan gå til: Tannlege, fysioterapeut, lege, helsesjukepleiar og jordmor kan gje ulike helsetenester. Personar som har tilgang på helsetenester, kan lettare få hjelp, om dei blir sjuke eller skadar seg.
  • Kjønn: Kroppar er ulikt oppbygde, etter kva kjønn ein har.

Helseplager er sjukdommar eller plager som gjer at kroppen eller kjenslene ikkje fungerer slik ein vil.

Ein kan vere fødd med helseplager, eller ein kan få det i løpet av livet. Ein kronisk sjukdom er ein sjukdom som varer lenge. Allergi er eit eksempel på ein kronisk sjukdom ein kan vere fødd med.

To personar kan ha same type helseplage, men bli påverka svært ulikt. For ein tømrar, vil for eksempel ein skade i skuldra gjere det vanskeleg å jobbe. Ein lærar vil kanskje ikkje bli like påverka av den same skaden.