Tannlege er ein person som jobbar med å førebyggje og behandle sjukdommar og skadar i munnen og tennene.
For å jobbe som tannlege, må ein først ha rett utdanning, og så bli godkjend av Staten. Utdanninga er å studere faget odontologi på eit universitet. Det tek normalt fem år.
Det er ikkje lov til å kalle seg tannlege, dersom ein ikkje har rett utdanning og godkjenning. Det er fordi tannlege er ein beskytta tittel. Tannlegar har teieplikt.