Tannregulering er ein metode for å rette opp tenner eller kjevar som står feil. Tennene blir flytta sakte i munnen, til dei står rett. Dette kan ta fleire år.
For å få tannregulering, må ein gå til ein tannlege som er spesialist. Ein slik spesialist heiter kjeveortoped. I Noreg er det ikkje gratis med tannregulering, men barn og ungdom kan få dekt delar av behandlinga.
Det er ganske vanleg å ha tannregulering. Dei fleste får det når dei er unge, kort tid etter at dei har fått dei vaksne tennene sine. Rundt fire av ti ungdommar i Noreg har, eller har hatt, tannregulering.