Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Foto av marmorbyste.

Ein romersk kopi av ei gresk byste av Demeter frå ca. 400 fvt.

Av /Marie-Lan Nguyen.

Demeter er ei gudinne i gresk mytologi. Ho vernar alt som veks, og er gudinne for fruktbarheit, jordbruk, korn og brød.

Navnet Demeter betyr Moder jord.

Demeter er ei av gudinnene som bur på Olympen, heimen til gudane.

Familien til Demeter

Gresk vase

Vasar og annan keramikk frå antikken vart ofte pynta med motiv frå dei greske mytane. Dei er viktige kjelder for å lære om gresk mytologi. Denne vasen viser gudane Triptolemos, Demeter og Persefone.

Gresk vase
Louvre, Paris.
Lisens: PD
  • Foreldra er Kronos og Rhea.
  • Brørne er Poseidon, Hades og Zevs.
  • Systrene er Hestia og Hera.
  • Ho har òg dottera Persefone med Zevs.

Demeter har òg ein son med ein konge. Sonen heiter Triptolemos. Demeter sende han rundt i verda for å lære menneska å dyrke jorda.

Dei fleste av gudane i gresk mytologi har eit heilagt dyr eller ein heilag ting. Det heilage dyret til Demeter er grisen. Slangar eller drakar trekkjer vogna hennar.

Demeter og Persefone

Forteljinga om Demeter og Persefone forklårar kvifor det blir vinter.

Persefone vart røva av Hades. Han ville at ho skulle bli dronninga hans i dødsriket. Persefone bad Zevs om hjelp, men han høyrde henne ikkje. Demeter høyrde ekkoet av røysta til dottera, og byrja å leite etter henne. Ho vandra rundt på jorda i ni dagar og netter utan mat og søvn. Heile tida bar ho på ein fakkel.

Den tidande dagen fortalde solguden Helios kva som hadde skjedd. Demeter vart rasande på Zevs, som hadde late Hades ta Persefone.

Demeter sørgde fordi dottera var borte. Difor lét ho alt som vaks på Jorda visne. Då byrja menneska å svelte. Ho truga med å la alle menneske døy, om ho ikkje fekk dottera si tilbake.

Zevs bestemde då at gudane skulle hente Persefone frå dødsriket. Men før ho drog, gav Hades henne nokre frø frå eit granateple. Desse åt ho. Det gjorde at ho måtte bli i dødsriket hos Hades for alltid.

Då bestemde Zevs at Persefone skulle vere to tredelar av året hos mor si. Resten av året skulle ho vere i dødsriket hos Hades.

Når Persefone er hos Demeter, byrjar alt i naturen å gro. Når ho er hos Hades, er det vinter.

Tilbedelse av Demeter

Demeter var ei viktig gudinne i heile det gamle Hellas. Det fanst mange tempel for henne. Kvart år var det store festar for å ære både Demeter og Persefone.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stian Torjussen
Førsteamanuensis i KRLE, Universitetet i Innlandet