Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Gustav Vigeland
Fødd
11. april 1869, Mandal
Død
12. mars 1943, Oslo
En mann i langermet trøye står foran en skulptur som er høyere enn ham selv. Anskåret ser man armene som strekkes opp, hodet som er vendt ut av bildekanten, det ene brystet og det ene kneet til den ene kvinnefiguren i skulpturen. Svart-hvitt foto

Gustav Vigeland framfor ein skulptur i stein av to kvinner som dansar.

Foto frå omlag 1918
Av /NTB.

Gustav Vigeland var ein norsk kunstnar. Han var bilethoggar, det vil seie at han laga skulpturar. Vigeland er ein av dei mest kjende bilethoggarane frå Noreg. Han er mest kjend for Vigelandsparken i Oslo.

Skulpturane laga Vigeland først i leire. Så blei nokre av dei hogde i stein. Andre blei det laga formar av, så ein kunne støype dei i bronse.

Bakgrunn

Gustav Vigeland vaks opp på Vigeland i Agder, der han først arbeidde som treskjerar. Seinare gjekk han på teikneskule. Gustav hadde ein bror som heiter Emanuel Vigeland, som òg blei kunstnar.

Karriere og kunst

Haustutstillinga i Oslo i 1889 var første gong Vigeland fekk vist eitt av kunstverka sine.

Frå 1897 til 1902 arbeidde han med skulpturar på Nidarosdomen, den store kyrkja i Trondheim. Seinare laga han portrett av kjende personar, som Camilla Collett og Henrik Wergeland. Han var òg i Paris i Frankrike, der han blei inspirert av bilethoggaren Auguste Rodin.

Vigelandsparken

Dei siste førti åra av livet hans handla mest om å skape Vigelandsparken på Frogner i Oslo. Her gav Oslo kommune han plass til både å lage og å stille ut skulpturane sine. Til gjengjeld fekk kommunen arve det han skapte.

Vigeland fylte heile den digre parken med skulpturar. Dei fleste er av menneske, og er laga av granitt eller bronse. Stilen er massiv, med store, jamne og runde former.

I midten av Vigelandsparken står Monolitten. Han er 17 meter høg og har 121 menneskefigurar, som klyngar seg i hop. Monolitten er hogd ut av éi diger blokk granitt, som er ein veldig hard type stein. Vigeland laga modellar, men det var steinhoggarar som gjorde jobben. Det tok 14 år å gjere skulpturen ferdig, frå 1929 til 1943.

Vigelandsparken var ein stor og viktig jobb for Gustav Vigeland. I dag er parken ein open offentleg park. Mange turistar i Oslo fer dit. Like ved parken ligg eit museum, der Vigeland arbeidde og budde.

Les mer i Lille norske leksikon

Faktasjekk av

Erik Mørstad
Universitetet i Oslo