Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
En stor statue av en hest med vinger.

Pegasus er eit symbol på poesien. Den har òg fått eit stjernebilete kalla opp etter seg.

Av .
Lisens: CC BY 4.0

Pegasus er ein hest med venger i gresk mytologi. Han fraktar lyn og tore for guden Zevs.

Foreldra hans er havguden Poseidon og monsteret med slangehår, Medusa.

Hesten med venger er ofte brukt som eit symbol for poesi.

Pegasus blir til

En rødaktig tegning som viser en kvinne som sitter på jorden uten hode. Over henne svever en stor hest med vinger. Til øhyre i bildet står en soldat med en hjelm med vinger på og et sverd i hånden. Han holder et hode i venstre hånd, som det faller slanger fra. I midten av bildet svever en liten, naken figur som ser ut som det er en mann.

Pegasus spring fram frå blodet til Medusa.

Pegasus blir født.
Av .

Medusa hadde blitt forvandla til eit monster av gudinna Athene. Auga hennar gjorde at dei som såg på henne blei til stein. Helten Persevs hogg hovudet av Medusa. Då sprang Pegasus fram frå blodet hennar.

Persevs tok med hovudet til Medusa og flaug av stad på Pegasus. Han kom til Etiopia. Der fekk han sjå prinsessa Andromeda, som var lenkja fast av eit uhyre. Persevs flaug ned på Pegasus og gjorde uhyret til stein med hovudet til Medusa.

Pegasus og Bellerofon

Pegasus hjelpte ein prins som heitte Bellerofon med å drepe monsteret Khimaira. Det hadde løvehovud som spruta eld. Midten av kroppen var ei geit, og den nedste delen av kroppen var ein slange. Bellerofon flaug gjennom lufta på Pegasus og stakk Khimaira med spydet sitt.

Seinare prøvde Bellerofon å bruke Pegasus til å fly opp til gudane på Olympen. Då sende Zevs eit lyn. Bellerofon fall av og vart drepe, men Pegasus flaug heile vegen opp til gudane.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stian Torjussen
Førsteamanuensis i KRLE, Universitetet i Innlandet