Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Foto

Gran er ofte det eineste treslaget i blåbærgranskog, som er den vanlegaste granskogtypen i Noreg.

Blåbærgranskog
Lisens: CC BY SA 3.0

Barskog er skog med tre som har nåler i staden for blad, for eksempel gran eller furu. Barskog er mest vanleg på den nordlege halvdelen av jorda.

Barskog i Noreg

Litt meir enn halvparten av skogane i Noreg er barskogar. Dei består av anten granskog eller furuskog. Barskogen veks i område der det er kjølig om sommaren og kaldt om vinteren.

Granskog

Kart

Kartet viser den boreale barskogen i mørk grøn farge.

Av /Store norske leksikon ※.

Granskog er skogar med mest gran. Granskogar er fuktige og har mykje næring i jorda. I granskogen kan det vekse fleire andre typar planter, som blåbær, bregnar, urter og mosar.

Daude grantre som ligg på bakken er viktig mat for mange insekt, soppar og lav.

Furuskog

Furuskog er skogar med mest furu. Furu treng ikkje like mykje næring og fukt som gran. I furuskogen kan det vekse andre typar planter som lav, blokkebær, tytebær og mose.

Daude furutre inneheld mange stoff som bakteriar ikkje likar. Difor kan daude furutre bli ståande i mange hundre år på tørre stader.

Den lettaste måten å sjå skilnad på gran og furu, er å sjå kor mange nåler som veks ut frå same punkt på greina til treet. Hjå grana veks nålene éi og éi, medan på furua veks to og to nåler saman.

Barskog i verda

Boreal barskog er den store barskogen som veks gjennom heile Russland, Sverige, Finland, Noreg og heilt til Alaska (USA) og Canada. Barskogen er det største samanhengande området i verda med skog. Det er òg den typen skog som lagrar mest karbon i verda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lars Sandved Dalen
Dr. scient., NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi