Dickpic er eit foto av ein naken penis.
I Noreg er det ulovleg å sende dickpics, eller bilde av kvinnelege kjønnsorgan, til nokon som ikkje har bede om det, uansett kor gamle dei er. Å sende slike bilde til nokon under 16 år er alltid ulovleg. Det gjeld òg, dersom dei sjølv bed om å få det. Det er fordi 16 år er den seksuelle lågalderen.
Det er ulovleg å ta dickpics eller nakenbilde av ein person som er under 18 år. Det er heller ikkje lov å ha slike bilde, å sende slike bilde vidare til andre, eller å leggje dei ut på internett.
Om nokon bryt desse lovane, kan dei bli melde til politiet. Personar over 15 år som gjer dette, kan få bot eller bli sette i fengsel, som straff. 15 år er den kriminelle lågalderen.
Dersom ein person blir straffa for dette, kan det vere mange jobbar hen ikkje kan få seinare. Det gjeld blant anna mange jobbar i helsevesenet, i politiet og i arbeid med barn og unge.