Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Foto av Deatnu

Deatnu / Tanaelva renn gjennom Finnmark fylke. Ho er den nest lengste elva i Noreg. Midt i elva kan ein sjå øyer av grus og sand, som er frakta nedover med elva.

Av /KF-arkiv ※.

Elv er rennande ferskvatn, som naturleg renn ut i ein innsjø, ei anna elv eller ut i havet. Elva startar i eit område der det er meir nedbør enn det som fordampar eller sig ned i bakken. Då samlar vatnet seg og renn av garde.

Små elvar blir kalla bekker.

Dalar og slettar

Vatn i rørsle har store krefter. Når elva renn bratt nedover, tek ho med seg småstein, grus og sand. Etter kvart som elva flatar ut, legg steinane og grusen seg på botnen eller langs sidene. Når elva grev seg ned og vidar seg ut på denne måten, kallar ein det for erosjon.

Renn elva nedover eit bratt fjell, blir elveløpet smalt og med ei djup V-forma renne. Slike elveløp kan bli til dalar. Der terrenget flatar ut vil elva bli brei og grunnare. Elva vil då grave seg sidelengs, i staden for nedover. Slike stader vil ein få breie elvesletter.

Kor mykje materiale elva kan frakte med seg, kjem an på kor raskt vatnet renn. I bratt terreng renn vatnet fort, og kan ta med seg stein og grus. Er terrenget slakt, blir elva brei og grunn, og vatnet renn sakte. I slike område kan ikkje elva ta med seg stein og grus, og elva vil berre klare å frakte små korn, som finkorna sand og leire.

Flaum

demning med sluser og elv som renner gjennom
Mange elvar har blitt brukt til vasskraftverk, for å lage elektrisitet. Reinsforsen vasskraftverk ligg i Ranaelva, nær Mo i Rana.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Vassmengda i elvane kan variere mykje i løpet av eit år. I periodar med mykje nedbør, eller i ei regntid, blir elvane så store at vatnet fløymer utover i breidda. Vatnet kan då trengje inn i hus og øydeleggje vegar og togliner nær elva.

Elveslettene får både vatn og næring, når elva fløymer over. Slike flaumar er då viktig, for at planter skal kunne vekse, særleg i tørre område, som ein ørken.

Delta

Elvar fraktar med seg grus, sand og leire. I området der elva renn ut i havet, søkk sand og finkorna leire til botnen og dannar det som blir kalla eit delta. I deltaet blir elva ganske grunn og brei. Her lagar elva nye elveløp, som forgreinar seg utover i ei vifteform.

I elvedeltaa er det ofte eit stort biologisk mangfald, og mange delta er viktige hekkeområde for fuglar.

Dei nyttige elvane

Elvane har vore viktige for menneska heilt sidan dei tidlegaste samfunna oppstod, i elvedalane til Nilen, Indus og Tigris-Eufrat. Elva hjelpte menneska å finne drikkevatn, fiske, vatne åkrane sine, reise med båtar og frakte varer.

Seinare, til dømes under den industrielle revolusjonen, vart elvane nytta til å drive sagbruk og kornmøller. I dag blir vasskrafta brukt til å produsere elektrisitet.

Noregs lengste elvar

  • Glomma
  • Tanaelva / Deatnu
  • Pasvikelva / Báhčeveaijohka

Dei største elvane i verda

Nilen er den lengste elva i verda, men det er i Amazonas-elva det renn mest vatn.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Karianne Lilleøren
Førstelektor i naturgeografi, Universitetet i Oslo