Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Foto av mennesker som sitter rundt et bord med mat på

Jødedom er ein etnisk religion. Den er knytt til det jødiske folket, eit folk med opphav i Midtausten.

Sabbatsmåltid
Lisens: CC BY SA 3.0

Ein etnisk religion er ein religion som er sterkt knytt til ei bestemt gruppe menneske. Det kan være mennske som har felles bustad, historie, språk og tradisjonar.

Eit eksempel er jødedommen, som er knytt til det jødiske folket. Delar av hinduismen kan òg kallast etnisk religion, fordi han er spesielt knytt til India.

Det japanske religionen shinto er òg ein etnisk religion. Religionar som ikkje er knytte til ei bestemt gruppe menneske, men blir oppfatta som å vere gyldige for alle menneske blir kalla universalreligionar.

Dei gamle norrøne, egyptiske og greske religionane er eksempel på etniske religionar. Men både egyptiske og greske gudar blei etter kvart dyrka i andre land òg.

Universalreligionane kristendom og islam har erstatta desse gamle religionane, men mytane deira er framleis kjende.

Urfolk har for det meste hatt eigne religionar, som kan kallast etniske religionar. Desse religionane blei borte mange stader, då misjonærar frå kristendommen og lærarar frå islam kom og lærte bort sine religionar. Det var ikkje alltid frivillig, når folk forlét dei gamle religionane sine. Det gjeld for eksempel samefolket her i Noreg og urfolk i Afrika, Amerika, Asia og Australia.

I dag reknar dei fleste religiøse samar seg som kristne. Ein del urfolk i andre delar av verda har halde fast på sine etniske religionar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker