Fattigdom er å ha for lite pengar eller andre ting ein treng i livet. Ein som manglar dette, blir kalla fattig. Det finst fattigdom i alle verdsdelar og i alle land, også i Noreg.
fattigdom

Mange av dei fattigaste i verda manglar ein plass å bu, og må tigge, for å få pengar til å leve av. Denne personen tiggar på eit fortau i New York i USA.

Ulik fattigdom
Det er fleire måtar å vere fattig på. Somme har så lite at dei ikkje får dekt behova eit menneske har. Desse behova er mat, klede, ein stad å bu, straum og alt anna ein treng for å overleve. Dette blir kalla absolutt fattigdom. Absolutt fattigdom er når ein har mindre enn tjue kroner å leve for om dagen
Ein person som har mindre enn dei fleste andre i landet hen bur i, kan også vere fattig. Dei har nok til mat, klede og ein stad og bu, men ikkje noko meir. Då er det ting dei ikkje kan vere med på.
I Noreg kan det vere at dei ikkje har pengar til å
- gå på fotballtrening
- kjøpe bursdagsgåver til venner
- gå på kino
- ete på restaurant
Å vere fattig, samanlikna med andre i landet ein bur i, blir kalla relativ fattigdom.
Fattigdom i Noreg
Noreg er eitt av landa i verda med minst fattigdom. Det er eit godt system for velferd. Nesten alle som bur i landet har same rett til helsetenester og utdanning.
Det er små skilnader mellom rike og fattige i Noreg. Likevel er om lag ein av ti fattige, samanlikna med andre som bur i landet. I nokre grupper er det fleire fattige enn i andre grupper.
Det er fleire fattige mellom
- studentar
- personar som ikkje har lønt arbeid
- aleineforeldre
- innvandrarar
Det har også blitt fleire barn som lever i fattigdom i Noreg.
Den viktigaste grunnen til at folk har for lite pengar, er at dei tener lite. Myndigheitene vil få slutt på fattigdom i Noreg. Dei vil at flest mogleg skal fullføre vidaregåande skole. Myndigheitene prøver også å finne jobbar til fleire.