Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Foto av hormonspiral
Hormonspiralen er ein T-forma plastbit. Når han sit i livmora, slepper han hormon ut i blodet.
Foto av hormonspiral
Av /Shutterstock.

Hormonspiral er ein type prevensjon, i form av ein liten plastbit, som ser ut som ein T. Spiralen må setjast inn i kroppen. Hormon er bakt inn i plasten. Spiralen slepper hormon ut i blodet over tid.

For å få hormonspiral, må ein få resept av ein lege. Spiralen blir sett inn i livmora av ein lege, helsesjukepleiar eller jordmor. Det blir gjort under ei undersøking av underlivet. Kvar spiral kan sitje i livmora i tre til åtte år. Hormonspiral er ei sikker form for prevensjon.

Det er berre jenter og kvinner som kan bruke spiral. Denne typen prevensjon beskyttar ikkje mot seksuelt overførbare sjukdommar. Det finst ein type spiral som ikkje inneheld hormon, den heiter koparspiral.

Prevensjon med hormon

Prevensjon med hormon verkar i kroppen på fleire måtar. Somme brukar prevensjon som medisin. Hormona kan hjelpe, viss ein har vondt eller blør mykje under mensen. Hormona kan òg hjelpe mot kviser og PMS.

Prevensjon med hormon kan òg ha plagsame eller negative biverknader. Den vanlegaste er at mensen endrar seg. Enkelte opplever endra humør, som følge av prevensjon.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege