Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Huldra (utsnitt av tegning fra 1891-1892)

Ei hulder som strikkar, ein kan sjå at ho har kuhale. Teikninga er frå Troldskab av Theodor Kittelsen.

Av /Nasjonalmuseet.

Huldra er ein fantasifigur frå folketrua.

Det er fleire eventyr om huldrer. I nokre historier gjer ho slemme ting, i andre er ho til god hjelp.

Beskriving

I eventyra blir huldra skildra som ei vakker, ung kvinne. Som oftast har ho langt, lyst hår. I mange historier prøver ho å lokke til seg unge menn.

Huldra ser ut som ei vanleg kvinne. Men ser ein godt etter, kan ein sjå at ho har ein hale, liksom ein kuhale. Halen stikk fram under skjørtet.

Huldra dukkar opp i naturen, i skogen eller på fjellet. Ho kan både komme fram og forsvinne raskt. Ofte har ho med seg dyr, som kyr eller sauer. Ho er flink med dyra.

Eventyr med huldra

I nokre eventyr tek huldra med seg mannen ho har lokka til seg inn i fjellet. Det blir kalla å bergta nokon. Berg er eit anna ord for fjell. Ein mann som blir bergteken må, ifølge eventyra, bu i fjellet resten av livet.

Huldra tek òg med folk til farlege stader. Ei myr er farleg, om ein set seg fast. Då kan dei som følgjer etter huldra drukne. Det finst òg historier om at folk ikkje finn vegen tilbake, fordi huldra plutseleg blir borte. Nokre gonger stel ho menneskebarn, og byter dei ut med sine eigne. Desse blir kalla bytingar.

Folk kan òg få hjelp av huldra. Jegerar gir små gåver til huldra, for å få lukke i jakta.

I somme historier seier ho ja til å gifte seg med ein av mennene ho lokkar. Då mister ho halen i kyrkja, og blir til eit vanleg menneske. Då kan ho bli mor til vanlege barn.

Historiene om huldra handlar ofte om ting menn er redde for. Huldra har store krefter, som kan tvinge menn som oppfører seg dårleg til å bli snille. Viss mannen til huldra ikkje er snill, kan ho gjere seg stygg. I eventyret Farlig å slå vrak på huldra blir ho forelska i ein ung gut. Men han vil ikkje ha ho, fordi han veit at ho er hulder. Etterpå finn han seg ingen andre. Han endar opp som ulukkeleg ugift.

Namn og bruk

Namnet hulder kjem frå andre ord som tyder dekt eller hemmeleg. I gamle skandinaviske forteljingar er det òg ei trollkvinne som heiter Huld.

Fleire forfattarar har skrive om huldra, og den mest kjende er Henrik Ibsen. Den grønkledde i Peer Gynt er ei slags hulder, som lokkar hovudpersonen inn i fjellet.

Somme ser i dag mange positive ting med huldra. Ho lever nær naturen, og får krefter derifrå til å gjere forskjellige ting. Dessutan er ho ei sterk kvinne, som ikkje lèt menn bestemme over seg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen