Forskarar trur at hundar stammar frå ulv, men veit ikkje kvar og når dei har blitt temde. Dei fleste hundar i verda lever fritt.

hund

Beskriving
Det finst hundar i ulike storleikar, fargar og fasongar. Nokre hundar veg under éin kilo, og andre veg like mykje som eit vakse menneske.
Menneske har avla på hundar i fleire hundre år. Ein har avla fram særskilde trekk hos dyra, fordi ein ville bruke dei til ulike ting. Hundar kan brukast til mykje forskjellig, så difor er det mange ulike hunderasar. Nokre hunderasar treng mykje aktivitet, medan andre trivst best i ein roleg heim.
Hannar blir kalla hannhund. Hoer blir kalla tispe. Ungar blir kalla kvelp.
Sansar

Luktesansen er viktig for hundar.
Hunden har dei same sansane som mennesket, men bruker dei ulikt:
- Syn: Hunden kan sjå færre fargar enn menneske, men kan ofte sjå eit større område. Hunden er flink til å oppfatte raske rørsler.
- Høyrsel: Hunden kan høyre lysare lydar enn mennesket, men er ikkje like flink til å høyre kvar lyden kjem frå.
- Lukt: Hunden kan leggje merke til svært svake lukter. Forma til snuten gjer at hunden kan vite kva retning lukta kjem frå. Luktesansen er den viktigaste sansen til hunden.
- Kjensle: Hunden kjenner smerte, at nokon tek på han, og kor varmt det er, gjennom huda. Hunden har dessutan viktige vêrhår ved snuten, augebryna og kinna. Vêrhåra blir brukte til å forsterke dei andre sansane. Dei kan merke at når dei kjem borti noko, og når noko rører seg.
Levevis

Hunden trivst i flokk, og knyter seg like godt til menneske, som til andre hundar. Hunden set seg raskt inn i eigaren sine vanar for turar og mating. Ein fornøgd hund søv i 12–18 timar om dagen.
Det er vanleg å gje dei fôr laga spesielt for hundar. Hundefôr inneheld ofte restar av kjøt og bein. Hunden skal alltid ha tilgang til reint vatn.
Ein hund blir vanlegvis rundt ti år. Små hundar lever som regel lenger enn store hundar.
Åtferd
Hunden er intelligent, sosial, viser kjensler og forstår ofte kva eigaren vil. Hunden blir ofte kalla «menneskets beste venn».
Nokre typar hundar kan gjere arbeid for menneska. Dei kan til dømes brukast til å finne folk som har gått seg vill, trøyste og hjelpe folk som er sjuke, gjete sauar, trekkje slede og søkje etter narkotika.
Formeiring
Tisper kan få kvelpar, frå dei er 8–9 månader gammal. Ein hund kan bli drektig to gonger i året. Det heiter løpetid. Tispa går drektig i ni veker, og får vanlegvis eit kull på fem eller seks kvelpar.
Kvelpen må ikkje skiljast frå mora, før han er åtte veker gammal.