Når ein seier at noko er sånn eller slik i juridisk forstand, meiner ein det som er heilt rett etter lova. Då kan ein òg skilje mellom fleire sider av ei sak, eller mellom formell og uformell bruk.
Ein person kan kalle seg Kikki Hansen til kvardags, men eigentleg heite Ann-Kristin Gjerde Hansen. Då er det juridiske namnet til personen Ann-Kristin Gjerde Hansen. Det juridiske namnet står i Folkeregisteret og i passet. Medan Kikki er eit kallenamn for Ann-Kristin.