
k-pop

Kjenneteikn

Idola syng på både koreansk og engelsk. Songane er inspirerte av mange ulike typer populærmusikk, som for eksempel R&B og rock. Folk frå heile verda skriv songar for gruppene.
Det er viktig å vere god til å danse i k-pop. Når gruppene har laga ein ny song, deler dei musikkvideoen på YouTube. Etter at dei har delt musikkvideoen, legg dei ofte ut ein eigen dansevideo, som viser danserutinen til songen. Mange fans bruker desse videoane til å lære seg dansen.
Å bli k-pop-idol
Dei som vil bli k-pop-idol, går på audition hjå eit byrå. Viss dei kjem vidare frå auditionen, får dei kontrakt med byrået og blir kalla «trainee». Det betyr at dei trenar på å bli idol.
Etter eit par år som trainee, vel byrået ut dei som får starte i ei k-pop-gruppe. Gruppa gjev ut eit album og begynner å halde konsertar.
Historie
Sjangeren k-pop oppstod i Sør-Korea på 1990-talet. Den første k-popgruppa kom i 1992 og heitte Seo Taiji and Boys. Amerikansk hiphop inspirerte både musikken og kleda deira.
I 1996 bestemte éin av medlemmene i Seo Taiji and Boys seg for å starte eit plateselskap, YG Entertainment. To andre selskap blei starta omtrent samtidig: SM Entertainment og JYP Entertainment. Dei tre selskapa ønskte at den nye sjangeren k-pop skulle bli kjend i resten av verda. Etter nokre år var dei ikkje berre plateselskap. Dei var blitt byrå, som fann nye talent, trena dei opp og gav ut plater.
Gruppa H.O.T. blei svært populær i Kina. Idolet BoA blei veldig populært i Japan. Det tok lengre tid å få koreansk popmusikk til å bli populær i USA. Men i 2012 fekk Psy ein hit over heile verda med songen «Gangnam Style».
I 2013 starta gutegruppa som har hatt størst suksess, BTS. I 2018 hamna to av albuma deira, Love Yourself: Tear og Love Yourself: Answer, på førsteplass i USA.
I 2016 starta jentegruppa Blackpink. I 2019 blei videoen «Ddu-Du Ddu-Du» den første frå ei koreansk gruppe som hadde ein milliard avspelingar på YouTube.
Fans
Når eit byrå gir ut ei ny gruppe, lagar det òg ein fanklubb. Dei mest kjende er ARMY, som er fanklubben til BTS, og BLINK, som er fanklubben til Blackpink. Fanklubbane er aktive på sosiale medium, særleg på Twitter.