
kveite
Faktaboks
- Også kjend som
-
hellefisk, helleflyndre

Teikning av kveite.
Beskriving

Auga til kveita sit saman på oversida av hovudet. Når kveita blir fødd sit auga på kvar si side, men det eine flyttar seg etter kvart som kveita veks.
Kveite er ein flat fisk med begge auga på same side av kroppen. Når kveita er yngel, er auga på kvar si side av kroppen. Etter kvart som kveita veks, flyttar det eine auget seg til den andre sida.
Kroppen til kveita er flattrykt, slik at ho ligg på venstresida si. Oversida av kroppen er brunaktig og flekkete. Det gjer kveita mindre synleg når ho ligg på botnen. Undersida er kvit.
Kveiter veks raskt og kan bli veldig stor. Vanlegvis veg dei rundt 20-30 kilo, men dei kan bli mykje større. Det er hoene som blir størst. Hannane blir berre opptil 50 kilo. Det er fanga kveiter på nærare fire meter og over 300 kilo.
Levevis

Kveite lever nord i Atlanterhavet, også i havet rundt Noreg. Dei trivst best på djupare vatn, ofte mellom 50 og 200 meter.
Kveite er ein rovfisk som et andre fiskar, til dømes brosme, sild og torsk. Den et også andre dyr som blekksprut og krepsdyr. Forskarar trur at kveita lever i eit avgrensa område, men det er forska lite på korleis dei lev.
Formeiring
Fiske
Fiskarar kan tene pengar på å fiske kveite. Men overfiske gjer at det blir færre og mindre bestandar. Difor er det reglar for korleis ein kan fiske. Det er berre lov å fiske kveite i nokre delar av året.
Stor, gamal kveite er heller ikkje trygge å ete. Kveita kan bli veldig gammal og er ein fisk som er høgt oppe i næringskjeda. Dersom ho har levd lenge, kan kjøtet ha samla opp mykje miljøgift. Det er ikkje lov å fiske kveite som er større enn 200 kilo.