Landhockey er eit ballspel mellom to lag, som blir spela utandørs. Ein spelar landhockey med køller som liknar på bandykøller. Det laget som skårar flest mål vinn kampen.
Spelarane skårar mål, ved å bruke kølla til å skyte ballen i målet til motstandaren. Ballen er liten og rund.
Landhockey er éin av dei største ballidrettane i verda, og blir spela i rundt 100 land.