Langeleik er eit norsk musikkinstrument med strenger. Det er laga av tre og er langt og smalt. Det varierer kor mange strenger langeleikane har.
Langeleiken er kjend frå 1500-talet. Han blir brukt til ulike typar folkedans og bygdedans. Dei vanlegaste er dansane halling og springar.
Langeleik blir òg kalla langleik, langhørpu eller langspel.