Lesbiske er kvinner som er tiltrekte av andre kvinner. Lesbisk er ei seksuell orientering. Kvinner som forelskar seg i, eller har sex med, kvinner kan òg kalle seg til dømes homofile, bifile eller skeive. For somme er det å vere lesbisk ein viktig del av identiteten.
Omlag 93 prosent av vaksne i Noreg seier at dei er heterofile, medan resten har ei anna seksuell orientering.
Det vanlegaste i samfunnet er at par består av ein mann og ei kvinne. Dei heiter heterofile par. Mange lover og reglar var laga slik at dei berre passa for heterofile. Lesbiske og andre skeive har kjempa for å endre lovene. I Noreg har lesbiske par så å seie same rettar som heterofile par. I Noreg kan til dømes to kvinner gifte seg og få barn saman.
Andre stader i verda er det vanskeleg eller ulovleg, å vere saman med éin av same kjønn. I til dømes Iran kan ein bli dømt til døden for å vere lesbisk.