menstruse
Faktaboks
- Også kjend som
-
mensundertøy

Design
Menstruser er sydde saman av fleire lag. Dei inneheld eit lag som syg opp blod og slim som kjem ut under mensen. Utanfor dette ligg eit vasstett lag som hindrar at det lek ut blod gjennom undertøyet.
Menstruser har ulik evne til å suge til seg væske. Nokon kan trekkje til seg like mykje som eit stort bind eller fleire tampongar. Desse passar dersom ein blør mykje, og dei kan brukast fleire timar i strekk. Andre syg til seg mindre væske. Dei kan ein bruke dersom ein blør mindre, eller som ein ekstra tryggleik i tillegg til tampong eller menskopp.
Menstruser er tjukkare enn vanlege truser. Men dei er laga slik at det ikkje synest utanpå at trusa ein har på er ei menstruse. Det finst mange ulike fasongar, både vanlege truser og stringtruser.
Bruk
Menstrusene blir brukte som vanlege truser. Avhengig av kor mykje ein blør, kan ein ha dei på i 8 til 12 timar i strekk. Så må ein skifte.
Menstruser kan vaskast og brukast om igjen. Det er viktig å skylje dei i vatn før vask. Det er for å unngå at blodet stivnar inni undertøyet. Ein skyl trusene til vatnet blir klart. Så kan dei vaskast i maskin på vanleg måte.
Miljø og økonomi
Bind og tampongar kan ikkje resirkulerast, så dei hamnar i restavfallet. Det blir mykje søppel til saman i løpet av eit liv. Menstruser er eit miljøvennleg alternativ, fordi dei kan brukast på nytt. Dei er òg billigare å bruke, om ein brukar dei mange gongar.
Historie
Menstruser har blitt vanlegare frå og med andre halvdel av 2010-talet. I 2024 blir dei selde både på apotek, i eigne nettbutikkar og av dei store kleskjedene.