Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Nise
Nise under vatn i eit offentleg akvarium.
Av /Wikimedia Commons.
Lisens: CC BY SA 4.0

Nise er ein liten kval som finst langs kysten utanfor Noreg og mange andre stader på den nordlege delen av Jorda.

Niser lagar ein tydeleg lyd når dei pustar. Namnet nise kjem sannsynlegvis frå eit gamalt norrønt ord for å nyse.

Beskriving

Niser har ein kort og kompakt kropp. Snuten er butt. På ryggen har dei ein trekanta finne som er lett å sjå når dei er i vassoverflata for å puste. Nisene er grå eller svarte, med kvit eller lysegrå underside, heilt ifrå munnen og bak til halen.

Hoene er størst, og kan bli 150 centimeter lange og vege 75 kilo. Hannane blir rundt 145 centimeter lange og kan vege 60 kilo.

Niser har tenner som liknar på små spadar. Ein kan bruke tennene til å finne ut kor gamal ei nise er.

Levevis

kart

Nise lever langs kysten nord i Atlanterhavet og Stillehavet, og i Svartehavet. Områda er merka raudt på kartet.

Kart som viser utbredelse av nise

Niser lever langs kysten i Stillehavet, Atlanterhavet og Svartehavet. Niser et mest fisk, men kan òg ete blekksprut og krepsdyr. Niser lever oftast åleine, men kan nokre gonger samarbeide om å jage fiskestimar. Niser kan dykke ned til 220 meter, men dykkar oftast ikkje så djupt. Dei kan dykke i 4-5 minutt, men gjer det sjeldan i meir enn eitt minutt.

Niser kan bli etne av spekkhoggar og haiar. I Nordsjøen har ein sett selarten havert ete nise.

Niser kan bli over 20 år gamle.

Formeiring

Når niser blir tre–fire år gamle, er dei eigentleg vaksne og kan få barn. Men hannane pleier å bli fem–seks år gamle før dei får til å pare seg med hoene.

Nisehoer får vanlegvis éin unge kvart år. Ungen blir kalla kalv. Ei nise er drektig i litt meir enn ti månader. Nyfødde kalvar veg rundt fem kilo, og er ca 70 centimeter lange. Kalven får mjølk av mora i rundt eit år.

Bestand og truslar

I hava utanfor Noreg lever det rundt 250 000 niser. I heile verda er det over ein million niser totalt. Før vart det jakta mykje på nise, fordi kjøttet smaker godt. Dei har òg mykje næringsrikt feitt, kalla spekk. No er nise freda i mange land, også i Noreg.

Den største trugselen mot niser i dag, er at dei set seg fast i fiskegarn. Då druknar nisene. Difor gjer ein mykje, for å hindre at niser set seg fast i garna.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo