
offiser

Maskinist er ein skipsoffiser som arbeider på båtar som ikkje er militære. Her er maskinisten på redningsskøyta Horn Flyer.
Offiserar i Forsvaret
I det norske forsvaret er det forskjellige gradar, eller nivå, for offiserar. Den lågaste graden er fenrik. Dei øvste gradane er general i Hæren og Luftforsvaret, og admiral i Sjøforsvaret.
I Noreg er utdanning til offiser ei høgare utdanning, som ein kan ta på ein krigsskule.
Offiserar på skip
Offiser blir òg brukt om leiarar på skip, som har utdanning frå ein høgskule med sjøfartsfag eller tekniske fag. Desse offiserane har andre gradar enn i militæret, med kaptein som det øvste.