Ein psykolog er ein person som har studert psykologi på eit universitet og som er godkjend som psykolog av staten. Ein psykolog arbeider med å førebyggje og behandle psykisk sjukdom. Dei skal finne ut kva som feiler ein pasient og gje dei rett behandling.
Psykologar har mykje ansvar, difor er det ein beskytta tittel. Det vil seie at ein som vil arbeide som psykolog må ha rett utdanning, og bli godkjend av Staten, før hen kan få jobb. Psykolog er eit viktig yrke i helsevesenet. Der arbeider dei saman med mellom andre psykiatrar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Alle psykologar har teieplikt. Det vil seie at dei ikkje kan fortelje andre om det dei får høyre på jobben.