Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Foto
Folk utkledde som pandaer, med slagord på plakatar.
Foto frå Klimabrølet 2019
Av /NTB.

Slagord er ord eller setningar som uttrykkjer ei meining eller eit mål. Slagord blir ofte brukte i politiske demonstrasjonar og i reklame.

Mange slagord blir brukte som emneknaggar i sosiale medium.

I demonstrasjonar er det vanleg å skrive slagord på plakatar og banner. Mange har òg klede med slagord på.

Dei som demonstrerer for klima har for eksempel brukt slagorda «Bruk hodet, tenk klode!» og «Vi kan ikkje drikke olje, vi kan ikkje puste pengar».

Eit anna ord for politiske slagord er parole.

Eksempel på slagord i reklame er «Maximum taste, no sugar» for Pepsi Max, og «Real Magic» for Coca-Cola.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Mujezinović Larsen
Professor, Universitetet i Oslo