Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Fotografi av Greta Thunberg i 2018
Greta Thunberg streiket for klimaet foran Riksdagen i Stockholm. På plakaten hennes står det «skolstrejk för klimatet», det betyr skolestreik for klimaet.
Fotografi av Greta Thunberg i 2018
Av /NTB scanpix.

Aktivist er ein person som prøver å påverke og endre samfunnet, for eksempel med å vere med på demonstrasjonar.

Aktivistar prøver som oftast å påverke noko i politikken. Greta Thunberg er ein kjend aktivist.

Aktivisme

Aktivisme er ein type handlingar som skal påverke politikken. Det kan vere streik, boikott, demonstrasjonar eller å lenke seg fast ein stad. Dei som driv med aktivisme prøver å skape merksemd om ein sak.

Det meste av aktivisme er ikkje-valdeleg. Nokre vel likevel å bruke vald for å påverke politikk. Former for aktivisme der ting blir skada eller øydelagt, er valdeleg aktivisme. I nokre få tilfelle kan det bli rekna som terrorisme.

På grunn av ytringsfridomen i Noreg har ein lov til å støtte de meiningane ein vil. Likevel kan aktivisme stundom vere ulovleg. Dette gjeld for eksempel om ein hindrar trafikken eller øydelegger ting.

Sivil ulydnad

Om ein bryt loven medan en driv med ikkje-valdeleg aktivisme, heiter det sivil ulydnad (sivil ulydighet). Dei som driv med sivil ulydnad, gjer dette fordi dei meiner at saken dei kjempar for er viktigare enn å følgje lovane.

Les mer i Lille norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Mujezinović Larsen
Professor, Universitetet i Oslo