Subtraksjon er ein måte å rekne på, der ein trekkjer eitt tal frå eit anna tal. Symbolet for subtraksjon er minus, −.
Resultatet av ein subtraksjon blir kalla differansen.
Reknestykket 7 − 3 = 4 blir lese slik: 7 minus 3 er lik 4. I eksempelet er differansen 4.
Subtraksjon er éin av dei fire reknemåtane (rekneartane). Dei andre er addisjon, multiplikasjon og divisjon.
Subtraksjon og addisjon er motsette rekneartar. Til dømes er 7 − 3 = 4 fordi 4 + 3 = 7.
Minusteiknet blir også brukt for å skrive negative tal, det vil seie tal som er mindre enn null.