Sushi er ein japansk matrett med kokt ris, bitar av rå fisk og grønsaker og skaldyr. Risen er smakt til med eddik, sukker og salt. Sushi blir servert kald og i bitar. Det kan til dømes vere ein liten, avlang ball av ris, med eit stykke rå fisk oppå.
Ved sidan av har ein ofte soyasaus, sylta ingefær og ein krem laga av japansk peparrot. Peparrotkremen heiter wasabi.
Sushi har blitt svært populært over heile verda. Før var dette enkel mat som blei selt frå buer på gata, såkalla streetfood. Då åt ein det med fingrane, og ikkje med spisepinnar.
Vanlege fiskar å bruke i sushi er tunfisk, laks og kveite. Kvart år blir det selt fleire tusen tonn laks frå Noreg til Japan, som blir til sushi.