Testament er ein tekst der ein person fortel kven som skal arve, når hen døyr. Den som skriv testamentet kan velje kven som skal arve. Det treng ikkje å vere nokon i familien, det kan òg vere andre personar eller organisasjonar.
testament
Gyldig testament
Det er strenge reglar for når eit testament er gyldig:
- Den som skriv testamentet, må velje å gjere det sjølv, og ikkje bli tvinga av andre.
- Den som skriv testamentet må vere gammal nok, og frisk nok, til å skjønne kva som står i testamentet.
- To andre personar, vitne, må skrive under på at den som skreiv testamentet, verkeleg meinte det.
Pliktarv
Når nokon døyr, er barna og/eller den dei er gifte med, dei næraste til å arve. Dei blir kalla livsarvingar i arvelova. Dersom den som er død hadde barn eller var gift, må ektefellen eller barna få arv. Dei skal ha arv, sjølv om det står noko anna i testamentet. Det blir kalla pliktdelen av arven. Barna skal få to tredelar av arven og ektefellen ein firedel. Pliktdelen sikrar livsarvingane arv opp til ein viss sum, som står i lova. Om den som er død hadde stor formue, kan pliktdelen bli mindre enn to tredelar og ein firedel.
Dersom den som døyr var sambuar, og dei ikkje hadde barn saman, arvar ikkje sambuaren noko, om det ikkje står i eit testament.