Transport er å flytte menneske eller varer frå éin stad til ein annan. Transport er oftast anten varetransport eller passasjertransport.
transport
Varetransport
Varer blir oftast flytta med store trailerar eller tog i Noreg. Varer som skal sendast mellom verdsdelar, blir sendt med fly eller med store skip, som blir kalla konteinarskip.
Passasjertransport
Menneske som reiser frå éin stad til ein annan med buss, tog, trikk, fly eller ferje blir kalla passasjerar. Dei reiser med kollektivtransport.