Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Ungdom i Hellas som trener tradisjonell japansk kampsport.
/Shutterstock.

Trening vil seie å øve på noko slik at ein blir betre i det ein øver på.

Det finst mange ulike måtar å trene på. Trening kan delast inn i to hovudkategoriar:

  • Fysisk trening, der ein trener musklane eller kroppen til å bli betre i ein bevegelse, aktivitet eller sport.
  • Mental trening, der ein trener ein hjernen. Då blir ein mellom anna betre til å styre tankane og kjenslene sine.

Fysisk trening

Fysisk trening vil seie at ein rører seg og trener musklane i kroppen. Ved fysisk trening blir ein gjerne sveitt fordi kroppen er i aktivitet.

Når ein driv med fysisk trening, blir ein sterkare og i betre form. Det blir rett og slett lettare å røre seg.

Alt etter kva ein vil bli betre i, kan ein velje mellom ulike typar fysisk trening:

  • Styrketrening gjer at musklane i kroppen blir sterkare og større, og at ein kan løfte tyngre ting utan å bli like sliten. Styrketrening førebygger dessutan skadar.
  • Kondisjonstrening gjer at kroppen klarer å jobbe over lengre tid. Ved å betre utholdenheten kan ein for eksempel springe lenger eller gå på fjelltur utan å kjenne seg like sliten som før.
  • Teknikktrening er trening som gjer at ein blir betre på éi veldig spesiell handling eller éin spesiell bevegelse. Kvar idrett har sine teknikkar som ein må øve på.

Dei fleste idrettar krev at ein gjer litt av alle typane trening for å bli god.

Mental trening

Målet med mental trening er å bli betre til å takle alle slags situasjonar. Mental trening handlar om å trene måten ein tenker på, og å sortere tanker og kjensler. Kroppen treng ikkje å røre seg når ein driv med mental trening.

Ein person som trener både fysisk og mentalt kan få betre resultat enn andre. Hen kan mellom anna takle stress betre. Ein kan møte på stressa situasjonar når ein driv med idrett, men også elles i livet.

Ein mentalt trent person har også trua på at hen kan meistre noko vanskeleg. Når ein har trua på at det går an å få til ting, finn ein også motivasjonen til å nå målet. Når ein er motivert, er det lettare å få noko gjort eller lære seg noko nytt.

Mental trening kan en gjere ved å meditere, snakke med andre eller ved å tenke gjennom ting for seg sjølv.

Les mer i Lille norske leksikon

Faktasjekk av

Christina Gjestvang
Førsteamanuensis, Norges idrettshøgskole