Ull er hår frå dyr. Ordet blir oftast brukt om ulla til sauen. Ull blir brukt til å lage klede og garn.
I verda blir det produsert om lag to milliardar kilo ull i året. Halvparten av dette er ull frå ein type sau som heiter merino. Sjølv om ull blir brukt til å lage klede, er berre éin prosent av alle tekstila i verda laga av ull.
Ullklede blir ikkje kalde å ha på, sjølv om dei er våte.