Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Fullmåne over et gammelt slott med tårn og spir. Det er mørkt og noen lave skyer henger delvis foran slottet og månen.
Slottet Bran i Transilvania i Romania er kjent som grev Draculas slott. Draculas eigentlege namn var Vlad Ţepeş. Han var fyrste av Valakia på 1400-tallet.
Foto av slottet Bran
Av /Shutterstock.

Vampyr er ein fantasifigur, som finst i folketru frå mange land. I historiene om vampyrar er dei menneske, som blir vampyrar i staden for å døy. Dei er nedgravne, eller søv i ei kiste. Om natta vaknar dei, for å suge blod frå menneske.

Skildring

Vampyrar ser ut som menneske. Dei er ofte svært bleike, og har hoggtenner. Dei som vampyren bit for å suge blod, døyr eller kan bli skapt om til vampyrar. Vampyrar er veldig sterke. I nokre historier kan ein vampyr skape seg om til andre ting, for eksempel flaggermus.

Vampyrar har også svake sider. Dei toler ikkje sol eller kvitlauk. Dei toler heller ikkje kristne symbol, som kross og heilagt vatn. Om ein vampyr ikkje blir invitert inn av dei som bur i huset, kan han ikkje gå inn. Om dei ikkje drikk nok ferskt blod, døyr dei.

Sjølv om ein vampyr har store krefter, kan ein likevel drepe han. Ein kan skyte han med sølvkuler. Ein kan også stikke ein trepåle gjennom hjartet. Dessutan kan ein hogge av vampyren hovudet, og brenne det.

Historie

Det finst historier om vesen som liknar vampyrar i mange kulturar. Dei historiene som har hatt mest å seie for dei vampyrene ein kjenner best i dag, kjem frå Balkan og aust i Europa. På 1700-talet meinte plutselig svært mange at dei hadde sett vampyrar aust i Europa. Desse forteljingene spreidde seg og utvikla seg vidare.

Vampyrar ser forskjellige ut, og ter seg ulikt, i forskjellige tradisjonar. Nord i Tyskland var vampyrane svært svoltne. Der var det historier om at dei åt sine eigne kroppar, og så gjekk dei til angrep på andre. Sør i Tyskland handla historiene om at dei saug blod. I Russland handla dei om at vampyrane var sinte på kyrkja og dei som jobba der.

Vampyrar i bøker, filmar og TV-seriar

På 1800-talet kom det fleire bøker om vampyrar. Bram Stoker gav ut boka Dracula i 1897, og ho vart svært populær. Boka var inspirert av historia om Vlad Ţepeş, ein greve frå Valakia i Romania. Mange av dagens historier om vampyrar er inspirert av denne boka. Boka har blitt til fleire filmar.

Vampyrane har gått frå å bli vist som monster, til å få fleire menneskelege sider. Dei gjer framleis fæle ting, men har også sider ein kan kjenne seg att i. I boka En vampyrs bekjennelser frå 1976, er det ein vampyr som har dårleg samvit for det han har gjort. Boka er skriven av Anne Rice. En vampyrs bekjennelser blei til film i 1994 og TV-serie i 2022.

Twilight-bøkene til Stephanie Meyer handla om vampyrar, og vart svært populære. Det vart også filmane om dei, som kom ut mellom 2008 og 2012. Den amerikanske TV-serien Buffy the Vampire Slayer var også ein suksess.

Filmar og seriar med vampyrar har nådd ut til mange unge. Stilen som blir kalla goth er også inspirert av mellom anna vampyrar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen