1948
år
1948 (romartal MCMXLVIII) var eit skotår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1. januar: Italia fekk ny grunnlov.
- 4. januar: Burma fekk sjølvstende frå Storbritannia.
- 30. januar: Mahatma Gandhi blei drepen ved eit attentat i New Delhi.
- Vinter-OL 1948 opna i St. Moritz i Sveits.
- 24. februar: Den kalde krigen. Kommunistpartiet tok kontroll over Tsjekkoslovakia.
- 17. mars: Benelux, Frankrike og Storbritannia skreiv under på Brusselpakten, som danna grunnlaget for Den vesteuropeiske unionen (og NATO).
- 23. mars:Det danske Folketinget vedtok ein lov som gjorde Færøyane til eit sjølvstyrande folkesamfunn heller enn eit dansk amt.
- 3. april: Presidenten i USA Harry S. Truman skreiv under på Marshallplanen.
- 7. april: Etableringa av Verdshelseorganisasjonen (WHO).
- 1. mai: Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) blei skipa med Kim Il-sung som president.
- 14. mai: Proklameringa av staten Israel.
- 15. mai: Den arabisk-israelske krigen i 1948 braut ut då Egypt, Transjordan, Libanon, Syria, Irak og Saudi-Arabia gjekk til åtak på Israel.
- 29. juli: Sommar-OL 1948 opna i London i Storbritannia.
- 15. august: Proklameringa av staten Sør-Korea.
- 5. oktober: Turkmenistan blei ramma av eit kraftig jordskjelv som drap 110 000.
- 10. desember: Erklæringen om menneskerettane blei vedteken.
- 21. desember: Republikken Irland melde seg ut av Det britiske samveldet.
- Det nasjonale partiet i Sør-Afrika med sitt apartheidprogram vann ein knapp valsiger over sentrumskoalisjonen.
Noreg
endre- 1. januar: Aker kommune blei innlemma i Oslo.
- 11. januar: Opprettinga av Institutt for Atomenergi
- 29. februar: Statsminister Einar Gerhardsen heldt ein tale på Kråkerøy der han gjekk til åtak på kommunistane.
- 7. april: Fleire kvartal brann ned i Tromsø.
- 21. mai: Stor skogbrann i Stor-Elvdal
- 20. juni: Gjenopprettinga av Tunsberg bispedøme.
- 3. juli: Stortinget sa ja til Marshall-hjelpen.
- 5. juli: Odelstinget vedtok ein amnestilov for landssvikarar.
- 28. august: Ragnar Skancke var den siste personen som blei avretta i Noreg.
- 30. august: Opninga av Universitetet i Bergen.
- 13. oktober: Norsk Tipping starta.
- 9. desember: Opprettinga av Riksteateret.
- Svalbardposten kom ut for første gong.
- Første bandet av det nynorske leksikonet Norsk Allkunnebok kom ut. (Det tiande og siste bandet kom ut i 1964.)
- Jobu Mekaniske Verksted AS i Drøbak starta produksjon av motorsager.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1948.
- 25. januar: Gerd-Liv Valla, norsk politikar
- 27. januar: Arne Skauge, norsk politikar
- 4. februar: Alice Cooper, britisk musikar
- 15. februar: Art Spiegelman, amerikansk teikneserieskapar
- 4. mars: Chris Squire, britisk musikar
- 22. mars: Andrew Lloyd Webber, britisk toneskapar
- 4. april: Arne Moslåtten, norsk musikar
- Abdullah Öcalan, tyrkisk geriljaleiar
- 18. april: Helga Hjetland, norsk organisasjonsleiar
- 25. april: Olav Randen, norsk målmann
- 28. april: Terry Pratchett, britisk forfattar av humoristisk fantasy
- 15. mai: Brian Eno, britisk musikar og låtskrivar
- 21. juni: Inge Myrvoll, stortingsrepresentant frå Nordland
- 19. juli: Nick Drake, britisk musikar
- 26. juli: Kjersti Alveberg, norsk dansar
- 8. august: Rune Larsen, norsk songar
- 11. august: Laila Dåvøy, norsk politikar
- 20. august: Robert Plant, britisk musikar og låtskrivar
- 4. oktober: Steinar Ofsdal, norsk musikar
- 6. oktober: Gerry Adams, nordirsk politikar
- 12. november: Magnhild Meltveit Kleppa, norsk politikar
- 14. november: Prins Charles av Wales
- 23. november: Bård Breivik, norsk bilethoggar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1948.
- 8. januar: Kurt Schwitters, tysk biletkunstnar
- 30. januar: Mahatma Gandhi, indisk politikar (myrda)
- 11. februar: Sergej Eisenstein, sovjet-russisk filmskapar
- 12. februar: Theodor Caspari, norsk forfattar
- 16. mars: Siegfried Wolfgang Fehmer, tysk gestaposjef (avretta)
- 15. april: Manuel A. Roxas, filippinsk president
- 12. juni: Nils N. Skaar, norsk journalist og politikar
- 23. juni: Sven Oftedal, norsk politikar
- 28. august: Ragnar Skancke, NS-politikar (avretta)
- 1. september: Charles A. Beard, USA-amerikansk historikar
- 11. september: Muhammad Ali Jinnah, president i Pakistan
- 17. september: Folke Bernadotte, svensk diplomat (myrda)
- 12. oktober: Nils Trædal, norsk politikar og prest
- 24. oktober: Franz Lehár, ungarsk komponist
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>