1972
år
1972 (romartal MCMLXXII) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen. Dette året blei to sekund lengre enn vanleg, då ein i tillegg til skotdagen innførte to skotsekund.
1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- januar: Acheampong-regimet tok makta ved militærkupp i Ghana.
- «Rein luft-lova» blei fastsett i USA.
- Skuleutdanna hutuar i Burundi blei systematisk drepne av dei tutsidominerte styresmaktene.
- Nord- og Sør-Sudan skreiv under på ein fredsavtale i Addis Abeba.
- 1. september: Bobby Fischer blei verdsmeister i sjakk ved å vinne VM-kampen mot Boris Spasskij i Reykjavik.
Noreg
endre- 1. februar: Norsk språkråd hadde sitt fyrste møte, og avløyste dimed Norsk språknemnd.
- 25. september Folkeavstemminga om norsk EF-medlemskap i 1972 gav 53,5 % nei og 46,5 % ja.
- 18. oktober Trygve Bratteli si første regjering gjekk av. Bratteli hadde sagt at han ville trekke seg som statsminister viss det ikkje blei ja-fleirtal ved folkeavstemminga om norsk EF-medlemskap, og tok konsekvensen av resultatet.
- 18. oktober Lars Korvald si regjering tiltredde. Resultatet av folkeavstemminga om norsk medlemskap i EF i danna grunnlaget for den første sentrumsregjeringa i Noreg, eit samarbeid mellom nei-partia Senterpartiet, KrF og Venstre.
- Det sosialliberalistiske partiet Det Nye Folkepartiet blei grunnlagt av utbrytarar frå Venstre etter ei partisplitting grunna spørsmålet om EF-medlemskap.
- Peter Opsvik utforma barnestolen Tripp Trapp.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1972.
- 10. januar: Thomas Alsgaard, norsk langrennar
- 5. februar: Kronprinsesse Mary av Danmark
- 14. februar: Ketil Solvik-Olsen, norsk politikar
- 28. februar: Eli Bjørhusdal, norsk språkgranskar
- 13. mars: Arve Moen Bergset, norsk musikar
- 19. april: Rivaldo, brasiliansk fotballspelar
- 31. mai: Frode Estil, norsk langrennar
- 23. juni: Zinedine Zidane, fransk fotballspelar
- 28. juni: Heikki Holmås, norsk politikar
- 17. juli: Sigrid Moldestad, norsk musikar
- 4. august: Øyvind Vågnes, norsk forfattar
- 12. september: Anders Aukland, norsk langrennar
- 16. september: Vebjørn Rodal, norsk friidrettsutøvar
- 19. september: Kristoffer Joner, norsk skodespelar
- 30. september: Ari Behn, norsk forfattar
- 17. oktober: Eminem, USA-amerikansk musikar
- 17. oktober: Wyclef Jean, haitisk-amerikansk musikar
- 10. desember: Odd Nordstoga, norsk musikar
- 7. desember: Hermann Maier, austerriksk alpinist
- 23. desember: Knut Arild Hareide, norsk politikar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1972.
- 5. januar: Olav Midttun, norsk kringkastingssjef
- 10. januar: Sverre Jordan, norsk komponist
- 14. januar: Kong Fredrik IX av Danmark
- 3. april: Ferde Grofé, USA-amerikansk komponist
- 9. april: James F. Byrnes, USA-amerikansk politikar
- 27. april: Kwame Nkrumah, ghanesisk president
- 23. juni: Edvard VIII av Storbritannia
- 9. juli: Andreas Hofgaard Winsnes, norsk litteraturkritikar
- 15. august: Alf Hurum, norsk komponist
- 6. september: Terje Wold, norsk politikar og jurist
- 15. september: Ásgeir Ásgeirsson, islandsk president
- 5. november: Alfred Schmidt, estisk vektlyftar
- 26. desember: Harry S. Truman, president i USA
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>