Akershus fylke
- «Akershus» omdirigerer hit. For festningsanlegget i Oslo, sjå Akershus festning.
Akershus fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar til Innlandet i nord-vest, Buskerud i vest, Oslo i sør-vest og Østfold i sør-aust. I aust grensar fylket til Värmlands län i Sverige. I perioden frå 2020 til 2023 var Akershus ein del av Viken fylke. Akershus blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024.
Akershus fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Austlandet | ||
Adm.senter | Oslo | ||
Areal | 5 894 km² | ||
• land | 5 463 km² | ||
• vatn | 431 km² | ||
Folketal | 728 803 (1. januar 2024) | ||
Folketettleik | 133 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Valgerd S. Haugland | ||
Fylkesordførar | Thomas Sjøvold (H) | ||
Fylkesnummer | 32 | ||
Akershus fylke 60°N 11°E / 60°N 11°E | |||
Wikimedia Commons: Akershus | |||
Nettstad: afk.no |
Akershus var samansett av to fråskilde delar som var skilde frå kvarandre av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Mellom dei to fylka Oslo og Buskerud danna dei to kommunane Asker og Bærum til saman ein eksklave i vest, «Vestregionen», som vanlegvis blir omtala med fellesnemninga Asker og Bærum. Aust og sør for Oslo ligg regionane Romerike og Follo.
Akershus og Oslo
endreAkershus som fylke er nært knytt til Oslo. Administrasjonen til Akershus ligg i Oslo. Fylkeskommunen held til i «Galleriet», same bygg som hovudbusstasjonen i Oslo. Gamle Aker herad var ein del av Akershus fylke og omfatta fram til 1. januar 1948 store delar av det noverande Oslo. Aker herad omfatta sokna Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand. Vestre Aker strekte seg heilt inn i sentrum av byen, til Studenterlunden. Etter kvart kunne store delar av Akershus reknast inn i eit Stor-Oslo.
Historie
endreAkershus len blei oppretta på 1500-talet og femna attåt det som er Akershus i dag også det som i dag er Hedmark, Oppland, Buskerud og Oslo. I 1662 blei Akershus amt oppretta, og i 1685 blei Buskeruds amt skilt ut som eige amt. I 1768 blei Hedmark og Oppland skilt ut til Oplandenes amt, og daverande Christiania blei skilt ut frå Akershus i 1842. 1. januar 1919 fall nemninga amt bort og blei erstatta med nemninga fylke.
Namn og symbol
endreNamnet på Akershus fylke kjem opphavleg frå Akershus festning. Ordet «Akershus» er samansett av det norrøne ordet akr som tyder åker, og hús i tydinga borg eller kastell.
Våpenet til Akershus fylke synar ein trappegavl i sølv på blå bakgrunn, der trappegavlen er basert på konturen av Akershus festning. Det er teikna av Finn Fagerli og blei fastsett under kongeleg resolusjon 11. desember 1987.[1]
- Fylkesblomen til Akershus er blåveis.[2]
- Fylkessteinen til Akershus er rombeporfyr.[3]
Kommunar
endreFolketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2024.
Nr. | Kart | Namn | Adm.senter | Folketal | Flatemål km² |
Målform | Distrikt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
3201 | Bærum | Sandvika | 130 921 | 192,32 | bokmål | Vestområdet i Akershus | |
3203 | Asker | Asker | 98 815 | 376,62 | bokmål | Vestområdet i Akershus | |
3205 | Lillestrøm | Lillestrøm | 94 201 | 456,61 | bokmål | Nedre Romerike | |
3207 | Nordre Follo | Ski | 63 560 | 203,00 | bokmål | Follo | |
3209 | Ullensaker | Jessheim | 43 814 | 252,46 | bokmål | Øvre Romerike | |
3212 | Nesodden | Nesoddtangen | 20 521 | 61,48 | bokmål | Follo | |
3214 | Frogn | Drøbak | 16 244 | 85,66 | bokmål | Follo | |
3216 | Vestby | Vestby | 19 493 | 133,93 | bokmål | Follo | |
3218 | Ås | Ås | 22 005 | 103,12 | nøytral | Follo | |
3220 | Enebakk | Kirkebygda | 11 482 | 232,58 | bokmål | Follo | |
3222 | Lørenskog | Solheim | 48 188 | 70,53 | nøytral | Nedre Romerike | |
3224 | Rælingen | Fjerdingby | 20 099 | 71,68 | nøytral | Nedre Romerike | |
3226 | Aurskog-Høland | Bjørkelangen | 18 058 | 1 144,80 | bokmål | Nedre Romerike | |
3228 | Nes | Årnes | 24 645 | 637,36 | bokmål | Øvre Romerike | |
3230 | Gjerdrum | Ask | 7 398 | 83,19 | bokmål | Øvre Romerike | |
3232 | Nittedal | Rotnes | 25 882 | 186,22 | bokmål | Nedre Romerike | |
3234 | Lunner | Roa | 9 357 | 291,89 | bokmål | Hadeland | |
3236 | Jevnaker | Jevnaker | 7 037 | 225,74 | bokmål | Hadeland | |
3238 | Nannestad | Teigebyen | 16 126 | 340,98 | bokmål | Øvre Romerike | |
3240 | Eidsvoll | Eidsvoll | 27 916 | 456,61 | bokmål | Øvre Romerike | |
3242 | Hurdal | Torget | 3 041 | 284,95 | bokmål | Øvre Romerike | |
Totalt | Akershus | Oslo | 728 803 | 5 891,73 | nøytral | Østlandet |
Tettstader
endreDet er fire byar i fylket, Drøbak, Lillestrøm, Ski og Sandvika. Både Lillestrøm og Sandvika høyrer med til tettstaden Oslo.
Klima
endreAkershus har eit kontinentalklima, men Mjøsa og Oslofjorden dempar og forseinkar vinterkulda i nærliggande område. Middeltemperaturen for januar varierer frå kring -4 °C nær Oslofjorden til kring -8 °C dei skjerma nordlege områda. Juli er den varmaste månaden med ein middeltemperatur på 15–17 °C, høgast i låglandet kring Oslofjorden, som er den høgaste middeltemperaturen i heile landet.
Dei lågtliggande områda får under 700 mm nedbør i året, medan dei høgaste åsane kan få opp mot 1200 mm. Mars er den tørraste månaden med 30–40 mm, medan august gjerne er den våtaste månaden med over 100 mm fleire stader.
Mjøsa, Vorma og Oslofjorden er av dei mange fuktkjeldene i fylket som gjer at det blir relativt mykje tåke. Mest tåke er det om hausten og tidleg på vinteren og årsmiddelet i låglandet er 3–6 %.
Kjelder
endre- «Akershus – klima» i Store norske leksikon, snl.no.
- Referansar
- ↑ «Akershus fylkeskommune - Fylkesvåpenet». Henta 1. januar 2010.
- ↑ «Akershus fylkeskommune - Fylkesblomst». Henta 1. januar 2010.
- ↑ «Akershus fylkeskommune - Fylkesstein». Henta 1. januar 2010.