Brunei
Brunei, òg kalla Brunei Darussalam, er eit sultanat som ligg på øya Borneo i Søraust-Asia. Sett vekk frå kystlinja mot Sørkinahavet er landet heilt omgjeve av det austlege Malaysia. Brunei har store petroleumsressursar, og økonomien til landet er i stor grad avhengig av desse.
Negara Brunei Darussalam برني دارالسلام (norsk: Brunei, bruneisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Allah Peliharakan Sultan» | ||||||
Motto | Alltid i teneste, med Guds hjelp | ||||||
Offisielle språk | Malayisk | ||||||
Hovudstad | Bandar Seri Begawan | ||||||
Styresett |
Monarki (Sultanat) Hassanal Bolkiah | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
5 765 km² (166.) 8,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
443 593 (170.) 76,9 /km² (107.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 1. januar 1984 | ||||||
Nasjonaldag | 23. februar | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
32 900 mill. USD (120.) 85 700 USD (5.) | ||||||
Valuta | Bruneisk dollar | ||||||
Tidssone | UTC +8 | ||||||
Telefonkode | +673¹ | ||||||
Toppnivådomene | .bn | ||||||
¹ 080 frå Singapore |
Klima
endreBrunei har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 °C midt på dagen og rundt 22-25 °C om natta. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Den årlege nedbørsnormalen er om lag 3500 mm.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunei