Grazia Deledda
Grazia Deledda (27. september 1871–15. august 1936) var ein italiensk forfattar som i 1926 fekk Nobelprisen i litteratur «för hennes av hög idealitet burna författarskap, som med plastisk åskådlighet skildrat livet på hennes fäderneö och med djup och värme behandlat allmänt mänskliga problem.»[1][2]
Grazia Deledda | |
Pseudonym | Ilia di Saint-Ismael, Ilia di Sant'Ismael, Aman della Rupe |
Statsborgarskap | Kongedømet Italia |
Fødd | 27. september 1871 Nuoro |
Død |
15. august 1936 (64 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar, skodespelforfattar, prosaforfatter, novelleforfattar |
Sjanger | sjølvbiografi, drama |
Ektefelle | Palmiro Madesani |
Grazia Deledda på Commons |
Liv og virke
endreGrazia Deledda var fødd i Nuoro på Sardinia. Ho kom frå ein velhavande familie og fekk språkundervisning allereie i barneåra. Som 15-åring fekk ho i 1886 publisert forteljingar og dikt i sardiske aviser. Frå år 1900 budde ho i Roma med to søner og ektemannen Palmiero Madesani, som var statstenestemann i forsvarsdepartementet.
Deledda blir rekna som ei av dei viktigaste naturalistiske forfattarane innan italiensk litteratur. I romanane sine skildrar ho det harde livet til det sardiske folket. Verka er lagnadsromanar der kvinner ofte er sentrale figurar rivne mellom konfliktar om ære, tru og fordommar frå omgjevnaden.[3] Dei seinare verka utspelar seg i Italia, men knyter likevel an til heimplassen hennar.
I verka hennar kan ein spore påverkning frå Giovanni Verga sin verismo og i blant Gabriele D'Annunzio sin decadentismo.
Verk i utval
endre- Fior di Sardegna, 1892
- La via del male, 1896a, omarbeidd i 1916
- Il tesoro, 1897
- Elias Portolú, 1900
- Sino al confine, 1910
- Nel deserto, 1911
- Canne al vento, 1913
- Marianna Sirca, 1915
- Annalena Bilsini, 1927
Omsetjingar til norsk
endre- Hjemve, 1929
- Annalena Bilsini, 1929
- På onde veier, 1928
- Efeuen, 1928
- Siv som svaier i vinden, 1927
- Flukten til Egypten, 1927
- Den ensomme mands hemmelighet, 1925
- Aske, 1925
Referansar
endre- ↑ "for her idealistically inspired writings which with plastic clarity picture the life on her native island and with depth and sympathy deal with human problems in general".
- ↑ Nobelprisen i litteratur 1926 på nobelprize.org
- ↑ Leksikonredaksjonen til forlaget F.A.Brockhaus (red.): Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Mannheim 2001, ISBN 3-7653-0491-3, s. 264.
Litteratur
endre- Irene Ferchl, Es genügt, das innere Leben zu leben, i Charlotte Kerner; Nicht nur Madame Curie - Frauen, die den Nobelpreis bekamen, Belz Verlag Weinheim und Basel 1999, ISBN 3-407-80862-3
- Gertraude Wilhelm (red.): Die Literaturpreisträger - Ein Panorama der Weltliteratur im 20. Jahrhundert, Econ Taschenbuch VErlag Düsseldorf, 1983, ISBN 3-612-10017-3
- Red. E. Cecchi, samla verk, 4 bind. 1941-1955
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Grazia Deledda i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobelprisen i litteratur 1926 på nobelprize.org
- Verk av Grazia Deledda: tekstar, konkordansar, ordlister og statistikk
- Biografi, litteratur og kjelder på FemBio, Institut für Frauen-Biographieforschung