Pablo Picasso
Pablo Picasso (25. oktober 1881–8. april 1973) var ein spansk kunstnar som hadde stor innverknad på europeisk kunst på 1900-talet.
Saman med Georges Braque utvikla han ein eigen målarstil, kubismen. Måleria hans er blitt verdskjende og blir selde for svært høge summar. Picasso skapte kunst i nesten 80 år, med ein anslått produksjon på over 20 000 verk. Dei best kjende måleria hans er Les Demoiselles d'Avignon (1907) og Guernica (1937).
Picasso var fødd i Málaga i Spania som Pablo Diego José Francisco de Paula Juan Nepomuceno María de los Remedios Cipriano de la Santísima Trinidad Ruiz y Picasso.[1]
Kjelder
endre- ↑ McGregor, Tony (4. januar 2009). «Aimez-Vous Picasso?» (på engelsk). Quazen. Arkivert frå originalen 26. mars 2009. Henta 26. januar 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Pablo Picasso» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pablo Picasso
Denne kunstartikkelen som har med Spania og Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.