Polsk
Polsk er eit vestslavisk språk som er brukt i Polen der det er det offisielle språket, og i tillegg i grannelanda Litauen, Kviterussland, Slovakia og Tsjekkia, og i land folkesette av polske innvandrarar. Forskarar reknar med at det finst mellom 39[1] og 48 millionar[2] menneske som snakkar polsk i dag.
Polsk polski, polszczyzna | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Slavisk Vestslavisk Lechitisk | |
Talarar | polakkar | |
Bruk | ||
Tala i | Polen | |
Område | Polen | |
Polsktalande i alt | 39-48 millionar | |
Rangering | 22 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Polen | |
Normert av | Det polske språkrådet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | pl | |
ISO 639-2 | pol | |
ISO 639-3 | pol | |
Wikipedia på polsk |
Polsk er det største vestslaviske språket både ut frå talet på talarar og bruksområde.[3] Det høyrer til den lechitiske greina av språkgruppa, saman med pommerske talemål og den utdøydde polabisken, og dannar eit dialektkontinuum med slovakisk og tsjekkisk.[4] I tillegg har polsk påverka dei austslaviske språka kviterussisk og ukrainsk.[5] Sjølv om einskilde slaviske språk utvikla seg annleis, er det framleis ei viss grad av gjensidig forståing mellom dei grunna tidlegare politisk-etniske tilhøve.[6]
Nokre forskarar meiner at schlesisk og kasjubisk er dialektar av polsk.[7] Andre hevdar at desse to er forskjellige språk.[8]
Dialektar og nærskylde språk
endreDet polske dialektlandskapet er ikkje variert lenger - sidan 1960-åra har ein observert tendensen til å vende seg mot standardspråket i alle regionar. Det finst fleire grunnar til denne prosessen: Politiske endringar etter den andre verdskrigen, migrasjon frå landet til byane og frå gamle austlege delar av Polen til dei nyfåtte teritoria mot vest, popularisering av allmenn utdanning og den auka rolla til massemedia.[9] Ein skil mellom seks, sju eller åtte polske dialektar – talet avheng av forskarar si meining om kasjubisk og schlesisk:
Hovuddialektar:
- storpolsk dialekt (dialekt wielkopolski),
- veslepolsk dialekt (dialekt małopolski),
- masovisk dialekt (dialekt mazowiecki),
- schlesisk dialekt (dialekt śląski), med omstridt status, men som oftast rekna med som polsk dialekt,
- kasjubisk dialekt (dialekt kaszubski), med omstridt status, men som oftast ikkje rekna med som polsk dialekt.
Sidedialektar:
- nordgrenselandsk dialekt (dialekt północnokresowy),
- sørgrenslandsk dialekt (dialekt południowokresowy),
- nyare blanda dialektar (nowe dialekty mieszane).
Begge dei grenselandske dialektar vert ni snakka utanfor Polen av dei polske minoritetane i Litauen, Kviterussland og Ukraina. «Nyare blanda dialektar» er eit omgrep som vert brukt for å vise til dei nye dialektane som vert danna på tidlegare tyske territorium Polen fekk etter den andre verdskrigen.[9]
Polsk står nærast i skyld med andre lechitiske språk: Kasjubisken og den utdøydde polabisken, men det dannar eit dialektkontinuum med slovakisk (nærast i skyld bortsett frå lechitiske språk[1]) og tsjekkisk. Sjølv om dialektkontinuumet mellom polsk og sorbiske språk vart brote, er forholdet mellom dei framleis klårt synleg. Nedersorbisk viser fleire særdrag til felles med polsk, medan oversorbisk har same tilhøvet med tsjekkisk.[10][11]
Kviterussisk og ukrainsk, som høyrer til den austslaviske gruppa, er påverka på polsk.[12][13] Russisken er ogso slektningen til polsk, men leksikalsk avstand er litt større enn i forhold til kviterussisk og ukrainsk.[14] Frå sørslaviske språk står slovensk nærmast den vestslaviske greina, medan makedonsk og bulgarsk viser det store talet på innovative særdrag som ikkje kan verte kjende att i andre slaviske språk.[3]
Språkgeografi
endreIfylgje siste folketeljinga frå 2011 er det 37 815 606 menneske i Polen med polsk som fyrstemål, som svarer til om lag 98 % av befolkninga.[15] Polsk vert snakka og i grannelanda Litauen (av 234 989 polakkar busette der snakkar 187 919, altso 80 %, polsk,[16]) Kviterussland (berre rundt 10 000 polsktalande, sjølv om talet på polakkar er mykje høgare[17]) og Ukraina (18 593 av 144 130 polakkar).[18] Den polske befolkninga i den tsjekkiske delen av Schlesien snakkar ein overgangsdialekt med særdrag av både polsk og tsjekkisk. Denne dialekten har stor prestisje i området.[19] Polsk vert ogso tala i USA, Australia og fleire land i Vest-Europa på grunn av utvandring frå Polen i laupet av 1800-, 1900- og 2000-talet.[20][21]
Historie
endreIndre
endreForskarar vurderer at det felles urslaviske språket byrja å brytast ned i mindre dialektgrupper rundt 500-talet, medan polsk utvikla seg frå den vestlege gruppa på 900-talet.[22] Vanlegvis vert polsk språkhistorie delt inn i fire periodar: gamalpolsk (til 1500-talet), mellompolsk (frå 1500- til 1772), tidlegare nypolsk (1772-1945) og moderne polsk (frå 1945)[5].
I gamalpolsk periode viser språket svært mykje fellesutvikling med grannespråka pommersk og polabisk, men ogso med tsjekkisk og slovakisk. Mellom dei viktigaste endringane finst den lechitiske omljoden, utvikling av nye former for preteritum, presumptiv og imperativ, tap av separate former for aorist og imperfektum og fleire omlagingar på bøyingssystemet i nominalgruppa.[4] I tillegg kan det observerast ulike ljodvekslingar, til dømes utvikling av lange vokalar, blanding av nasale vokalar og bortfall av konsonantiske sonantar.[22]
I mellompolsk periode vert leivningar av aorist og imperfektum heilt borte – slike former opptrer ikkje lenger i nyare tekstar. I staden dukkar den nye, forenkla preteritumbøyinga opp. Då tok ogso fleire ljodvekslingar plass – palatalisering av /k/ og /g/ føre /ɨ/, utvikling frå /rʲ/ til /r̝/, tap av kvantitativ differensiering i vokalar på grunn av kvalitativ skifte og synkope i nokre bøyingsformer.[22] Bøyinga sjølv utviklar seg ganske dynamisk. Størstedelen av former ein brukar i moderne polsk stammar frå mellompolske utviklingar. Etterpå vert opposisjonen mellom harde og mjuke konsonantar styrkt, medan trykket flyttar frå fyrste til nestsiste staving i eit ord.[4] I tidlegare nypolsk vert skilnaden mellom /r̝/ og /ʒ/ borte og grafema ż og rz byrjar å tyde på den same ljoden.[4] Talet på vokalkvalitetar vert ogso redusert, medan nasale vokalar fekk asynkronisk uttale som gjorde at dei fonetisk sett eigentleg er diftongar eller ljodkombinasjonar,[23]
Ytre
endrePolske stad-, folke- og personnamn opptrer so tidleg som i 800-talet i tekstar skrivne på latin. Den bayerske geografen frå 800-talet nemner dei slaviske folkegruppene, mellom anna desse som seinare sameina seg for å skape Polen. Dagome iudex som stadfesta at Polen var eit kriste land var truleg skrive seint på 900-talet. Fyrste setninga på polsk finst i Boka frå Henryków: day, ut ia pobrusa, a ti poziwai — la meg male og du kvil.[24] Dei fyrste tekstane skrivne heilt på polsk kjem frå 1200- og 1300-talet. Ein kan nemne mellom anna «Bogurodzica», ein religiøs lovsong, og preikene frå Święty Krzyż. I denne perioden får polsk mange lånord frå latin, tysk og tsjekkisk, og seinare ogso italiensk og fransk.[25] Oppfinning av trykking, Reformasjonen og den sokalla «Gylne Fridomen» førte til framheving av polsken som språket til hoffet, administrasjonen og byråkratiet.[5]
Polen sitt tap av sjølvstende i 1795 markerer byrjinga av den nypolske perioden som held fram til 1945. Denne tida er prega av sterk germanisering og russifisering av den polsktalande befolkninga inntil slutten på den fyrste verdskrigen og etterpå i laupet av den andre.[26] Polsk utvikla seg litt forskjellig i dei ulike delane av det førre Polen: Medan polakkar i Galizia, som var kontrollert av Austerrike og seinare av Austerrike-Ungarn, oppnådde stor grad av autonomi og fekk rett til å bruke sitt eige språk,[27] vart folket i delane som høyrde til Preussen og seinare Tyskland germanisert gjennom ulike rettsakter, som til dømes skuleplikt med tysk som einaste undervisingsspråk.[28] I Russland-tilhøyrande delar pågjekk det russifisering på valdeleg vis.[29] Trass i dette kan ein observere ei kraftig utvikling av polsk litteratur. Henryk Sienkiewicz, ein polsk forfattar kjend hovudsakleg for sine historiske romanar, fekk Nobelprisen i 1905.
Polen gjenoppnådde sjølvstende i 1918. Då byrja ulike sosiolektar å utvikle seg. Då vart det ogso innført ein ortografisk reform som framleis gjeld i dag.[5] Etter den andre verdskrigen, på grunn av store migrasjonar frå aust til vest grunna i grenseskifte, vart polsk eit ganske einsarta språk. Det hadde lita dialektal differensiering, bortsett frå einskilde behaldne særdrag.[30]
Fonetikk
endreKonsonantar
endreLabiale | Labio- dentale |
Dentale | Alveolare | Post- alveolare |
Dorsale | Glottale | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Harde | Mjuke | Harde | Mjuke | Harde | Mjuke | Harde | Mjuke | Harde | Mjuke | |||
Plosivar | / p / / b / | [ pʲ ] [ bʲ ] | / t̪ / / d̪ / | [ t̪ʲ ] [ d̪ʲ ] | [ t ] [ d ] | / k / / ɡ / | [ kʲ ] [ gʲ ] | |||||
Afrikatar | /t͡s̪ / / d͡z̪ / | / t͡ʃ / / d͡ʒ / | / t͡ɕ / / d͡ʑ / | |||||||||
Frikativar | / f / / v / | [ fʲ ] [ vʲ ] | / s̪ / / z̪ / | / ʃ / / ʒ / | [ ʃʲ ] [ ʒʲ ] | / ɕ / / ʑ / | / x / [ ɣ ] | [ xʲ ] | (/ ɦ /) | |||
Nasalar | [ m̥ ] / m / | [ mʲ ] | [ n̪̊ ] / n̪ / | [ n̥ ] [ n ] | [ ɲ̥ ] / ɲ / | [ ŋ̊ ] [ ŋ ] | ||||||
Approksimantar | / w / | (/ (ɫ̪) /) | [ l̥ ] / l / [ r̥ ] / r / | [ lʲ ] [ rʲ ] | / j / |
Tabellen ovanfor viser konsonantiske fonem og allofonane deira i moderne polsk. Som alle slaviske språk, har polsk ganske rikt konsonantinventar og for kvar 100 vokalar er det 210 konsonantar i ein polsk tekst.[31] Opposisjonen mellom harde og mjuke konsonantar er viktig i polsk og kan føre til tydingskifte i einskilde ord, til dømes mały [ˈmä.wɨ] «liten» — miały [ˈmʲä.wɨ] «(dei-hokjønn) hadde».
Statusen av mjuke konsonantar, dvs. om dei er allofonar av dei harde, eller er kvart og eit eit separat fonem, er vanskeleg å fastslå.[23] Bortsett frå postalveolarar kan dei opptre berre i avgrensa tilfelle. Fonema /ɫ̪)/ og / ɦ/ høyrer ikkje til det nåtidige polske foneminventaret, men kan dukke opp i austlege dialektar og i sceneuttale.
Vokalar
endreI polsk finst det seks orale vokalfonem: /i/, /ɨ/, /u/, /ɛ/, /ɔ/ og /a/. Dei svarer til ti grafem: <i>, <y>, <u> og <ó>, <e>, <o> og <a>. Vanleg uttalemåte for /i/ er [i], for /ɨ/ – /ɨ/, for /u/ – [u], for /ɛ/ – [ɛ], for /ɔ/ – [ɔ], medan for /a/ – [ä].[32] Allofonisk variasjon er ikkje stor.[23] Grafema <ą> og <ę> markerer i skrift som oftast ulike kombinasjonar av vokalar med nasalert element – annan vokal eller konsonant – og uttalen deira avheng av posisjonen deira i ordet.[23]
Uttalen av vokalar, nasale vokalar inkludert, kan variere litt i ulike regionar og er knytt til kvalitative endringar av gamle lange vokalar. I mange dialektar har til dømes den gamle lange a-en utvikla seg til /o/ i staden for /a/.[9] Schlesisk og særleg kasjubisk har kvar for seg sine eigne særskilde trekk i vokalsystemet.
Trykk
endreI polsk er som oftast den nest siste stavinga i ordet trykktung. Denne regelen gjeld for slavisk arveleksikon og størstedelen av lånord frå ulike språk. Unntaket er fleire verbalbøyingsformer: presumptiv og fleirtal i preteritum: chcielibyśmy (~«me ville»), robiliśmy («me gjorde»), latinske og greske lånord som sluttar på -ika, -yka: matematyka («matematikk»), logika («logikk»), nokre samansetningar: rzeczpospolita («republikk»), czterysta («fire hundre») og ein del andre ord som tradisjonelt får uregelmessig trykk på grunn av ulike faktorar (analogi, lån, osv.).[33] Unntaka dannar ikkje tydelege kategoriar verken morfologisk eller semantisk sett, difor opptrer det ofte forskjellige feil i trykkleggjing. Mange, særleg yngre språkbrukarar, flyttar trykket alltid til den regelmessige, nest siste stavinga.[23]
Grammatikk
endreMorfologi
endrePolsk er eit flekterande språk med fem ordklasser som kan bøyast: substantiv, adjektiv, pronomen (personlege, eigedoms-, demonstrative, relative, spørje-), talord og verb. I tillegg kan visse adjektiv og adverb ha gradbøying. Orda i nominalgruppe bøyer i sju kasus (nominativ, genitiv, akkusativ, dativ, lokativ, instrumental og vokativ), to tal (eintal og fleirtal[34]) og tre kjønn (maskulinum, femininum, nøytrum; bortsett frå substantiv som har ibuande genus). Verba bøyer i person (niosę «eg ber» – niesiesz «du ber»), numerus (niosę «eg ber» – niesiemy «vi ber»), tempus (niesiesz «du ber» – niosłeś «du bar»), aspekt (nieść «å bere ein gong» – nosić «å bere fleire gonger» – zanieść «å ha bore» – zanosić «å bere akkurat no») og modus (niosę «eg ber» – zaniósłbym «eg ville ha bore»). I visse former får verba ogso genusbøying (niosłem «eg bar-maskulinum» – niosłam «eg bar-femininum»). Infinitiv (nieść «å bere») og ei rekkje partisippformer er ogso medtekne i paradigmaa for verbalbøying: presens adverbial partisipp (niosąc «berande-adverb»), presens adjektival partisipp (niosący «berande-adjektiv»), aktivpartisipp for preteritum (niósłszy «*havande bore») og perfektum partisipp (niesiony «boren»). Det finst ogso ei verbalform for preteritum som svarer til norske konstruksjonar med ubestemte pronomen ein og man (niesiono «ein bar»).
Når det gjeld orddanning, er avleiing veldig vanleg, med mange produktive morfem.[35] Samansetting førekjem derimot ikkje so ofte. I mange samanheng der germanske språk ville helst ha eit samansett substantiv, har polsk anten eit uttrykk med adjektiv, eller med eit anna substantiv i genitiv.[36]
Syntaks
endreI polsk er SVO umarkert ordstilling, men rik morfologi tillèt å bruke ogso andre ordstillingar for å understreke det snakkaren meiner er viktigast i setninga. Dette gjer at polsk syntaks er nokso lausare i samanlikning med til dømes germanske eller romanske språk. Dette særdraget har polsken til felles med størstedelen av slaviske språk. Makedonsk, bulgarsk og kyrkjeslavisk er oppsiktvekkjande unntak.[3] Plasseringa av ulike ledd i setninga spelar lik rolle i polsn som bruk av bunden og ubunden artikkel i språka der binding er ein levande grammatisk kategori:[35]
- (1) Kot siedzi na stole.
- (2) Na stole siedzi kot.
- (3) Siedzi kot na stole.
- (4) Siedzi na stole kot.
Alle fire setningar tyder om lag det same: ein katt sit på bordet, og alle er korrekte. Det er fokus som er annleis i dei. I (1) er den viktigaste informasjonen at det er katten som sit på bordet, i (2) — at det er på bordet der han sit, i (3) — at han sit, medan i (4) — at han sit på bordet, medan nokon annan gjer noko anna (til dømes står, ligg eller sit ein annan stad).
Polsk er eit pro-drop-språk som tyder at pronomena som fungerer som subjektet i setninga kan vere utelatne om dei ikkje er trykktunge. Den morfologiske strukturen av eit polsk verb inneheld allereie informasjon om person og ofte ogso kjønn, difor er pronomena redundante og kan fjernast.[3][35]
Skriftsystem
endrePolsk har alltid vore skrive med latinske bokstavar.[37] Dei fyrste dokumenta brukte ulike skrivemåtar, som oftast delvis inspirerte av tysk og tsjekkisk skriftspråk.[5] På 1500-talet forsøkte Jakub Parkoszowic å innføre ortografiske reglar, men forslaget hans vart aldri populært. Særdrag av moderne ortografi opptrer i mellompolsk periode og viser ein stadig evolusjon der radikale reformer vart avviste til fordel for dei som baserte på nokso kaotisk, men allereie godt etablert skriftleg tradisjon.[37] Den siste store reforma av rettskriving fann stad i 1936. Endringane innførte etterpå er små og som oftast gjeld skrivemåten av eigennamn, store bokstavar, teiknsetjing osv. og vert vedtekne og utgjevne av Det polske språkrådet.[38]
Det moderne polske alfabetet består av 32 bokstavar:
a ą b c ć d e ę f g h i j k l ł m n ń o ó p r s ś t u w y z ź ż
A Ą B C Ć D E Ę F G H I J K L Ł M N Ń O Ó P R S Ś T U W Y Z Ź Ż
Bokstavane med diakritiske teikn er rekna som sjølvstendige og vert brukte ved alfabetisk sortering. Ordet łabądź («svane») opptrer difor i oppslagsverk etter ordet liczba («nummer»). I tillegg opptrer sju digrafar: ch, cz, dz, dź, dż, rz og sz, medan bokstavar Q, V og X ikkje dukkar opp i polske ord, unnateke nokre nyare lånord.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Dalewska-Greń, H. (2002). Języki słowiańskie. Warszawa: PWN.
- ↑ Urbańczyk, S., Kucała, M. (red.) (1999). Encyklopedia języka polskiego. Warszawa: Ossolineum.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Moszyński, L. (2006). Wstęp do filologii słowiańskiej. Warszawa: PWN.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Rospond, S. (2005). Gramatyka historyczna języka polskiego. Warszawa: PWN.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Klemensiewicz, Z. (2006). Historia języka polskiego. Warszawa: PWN.
- ↑ Sloboda, M., Brankatschk, K. (2012) The mutual intelligibility of Slavic languages and its potential for the Sorbian language revival, i Mutual intelligibility of closely related languages in a multilingual Europe, Sociolinguistics Symposium 19, 21-24 august 2012, Freie Universität Berlin, Berlin
- ↑ Tambor, J. (2006). Mowa Górnoślązaków oraz ich świadomość językowa i etniczna. Katowice: Wydawnictwo Uniwersytetu Śląskiego. [og bibliografien der]
- ↑ Hentschel, G. (2001). «Das Schlesische – eine neue (oder auch nicht neue) slavische Sprache?». Mitteleuropa – Osteuropa. Oldenburger Beiträge zur Kultur und Geschichte Ostmitteleuropas 2.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 Karaś, H. «Gwary polskie: przewodnik multimedialny». Henta 30. mai 2014.
- ↑ Šewc-Schuster, H. (1984). Gramatika hornjo-serbskeje rěče. Bautzen: Ludowe nakładnistwo Domowina.
- ↑ Stieber, Z. (1979). Zarys gramatyki porównawczej języków słowiańskich. Warszawa: PWN.
- ↑ Kiklewicz, A. «Język polski obojga narodów? Wpływ języka polskiego na język białoruskich mediów». Henta 30. mai 2014.
- ↑ Bąder, A. «Polsko-ukraińskie labirynty językowe». Henta 30. mai 2014.
- ↑ Brodecka, A. «Polsko-rosyjska homonimia międzyjęzykowa». Henta 30. mai 2014.
- ↑ «Wybrane tablice dotyczące przynależności narodowo-etnicznej, języka i wyznania - NSP 2011» (på polsk). Główny Urząd Statystyczny. 2011. Henta 30. mai 2014.
- ↑ «Population by ethnicity and mother tongue» (på engelsk). Statistikos Departamentas. 2001. Henta 30. mai 2014.
- ↑ «Folketeljinga i Kviterussland» (på russisk). 2011. Henta 30. mai 2014.
- ↑ «Про кількість та склад населення України за підсумками Всеукраїнського перепису населення 2001 року» (på ukrainsk). 2001. Henta 30. mai 2014.
- ↑ «Polish in the Czech Republic» (på engelsk). 2006. Henta 16. januar 2010.
- ↑ Kalembka, S. (1971). Wielka Emigracja: polskie wychodźstwo polityczne w latach 1831-1862. Warszawa: Wiedza Powszechna.
- ↑ Święchowicz, M. (2014). «Polacy na walizkach. Emigracyjny efekt domina». Newsweek Polska.
- ↑ 22,0 22,1 22,2 Długosz-Kurczabowa, K., Dubisz, S. (2001). Gramatyka historyczna języka polskiego. Warszawa: Wydawnictwa Uniwersytetu Warszawskiego.
- ↑ 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 Ostaszewska, D.; Tambor, J. (2013). Fonetyka i fonologia współczesnego języka polskiego. Warszawa: PWN.
- ↑ Mikoś, M.J. (1999). Middle Ages: Literary background. Polish Literature from the Middle Ages to the End of the Eighteenth Century. A Bilingual Anthology. Warszawa: Constans.
- ↑ Urbańczyk, S. (red.) (1953–2003). Słownik staropolski. Kraków: Instytut Języka Polskiego PAN.
- ↑ Dybkowska, A., Żaryn, J., Żaryn, M. (1994). Polskie dzieje: od czasów najdawniejszych do współczesności. Warszawa: PWN.
- ↑ Fras, Z. (2003). A to Polska właśnie: Galicja. Wrocław: Wydawnictwo Dolnośląskie.
- ↑ Kozłowski, J. (2000). Administracja Wielkopolski pod pruskim zaborem 1793-1918. Poznań: Terra.
- ↑ Groniowski, K., Skowronek, J. (1989). Historia Polski, 1795-1914. Warszawa: WSiP.
- ↑ Dejna, K. (1973). Dialekty polskie. Wrocław: Ossolineum.
- ↑ Maddieson, I. «The World Atlas of Language Structures Online: Consonant-Vowel Ratio» (på engelsk). Henta 2. juni 2014.
- ↑ Bąk, P. (2007). Gramatyka języka polskiego. Warszawa: Wiedza Powszechna.
- ↑ Karpowicz, T. (2013). Kultura języka polskiego, t. 3: Wymowa, ortografia, interpunkcja. Warszawa: PWN.
- ↑ Ein del substantiv kan ogso opptre i fossile totalsformer.
- ↑ 35,0 35,1 35,2 Nagórko, A. (2010). Podręczna gramatyka języka polskiego. Warszawa: PWN.
- ↑ Lie, S. (2005). Kontrastiv grammatik: med norsk i sentrum. Oslo: Novus.
- ↑ 37,0 37,1 Walczak, B. (1995). Zarys dziejów języka polskiego. Wrocław: Wydawnictwo Uniwersytetu Wrocławskiego.
- ↑ «Rada Języka Polskiego: uchwały ortograficzne» (på polsk). Henta 11. juni 2014.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Det polske språkrådet
- Den polske utgåva av Wikipedia
- Artikkelen om polsk i Store norske leksikon
- Nynorsk-polsk ordbok Arkivert 2014-06-24 ved Wayback Machine.