Shine on You Crazy Diamond
Shine On You Crazy Diamond Song av Pink Floyd frå albumet Wish You Were Here | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. september 1975 | |
Innspelt | Januar - juli 1975 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 26:05 (alle delar) 13:38 (del 1-5) 12:29 (del 6-9) 10:55 (radioedit) 17:32 (Echoes-versjonen) | |
Selskap | Harvest, EMI (UK) Columbia, Capitol (US) | |
Komponist | Richard Wright, Roger Waters, David Gilmour | |
Tekstforfattar | Roger Waters, Richard Wright, David Gilmour | |
Låtskrivar(ar) | Wright, Waters, Gilmour | |
---|---|---|
Produsent | Pink Floyd |
«Shine on You Crazy Diamond» er eit musikkstykke i ni delar av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira Wish You Were Here frå 1975. Songen er laga av Roger Waters, David Gilmour og Richard Wright, med tekst av Waters, i 1974 og framført på konsertar det året.[1] Det var først meininga at songen skulle utgjere ei heil vinylside, slik som «Atom Heart Mother» og «Echoes», men songen voks seg lenger enn ei enkel vinylside og måtte delast i to delar. Sett i saman utgjer dei to delane den lengst songen Pink Floyd har spelt inn.
Stykket er ei hyllest til den tidlegare frontfiguren i bandet Syd Barrett. Tekstlinjer som «Remember when you were young?/You shone like the sun» viser kor mykje bandet verdsette Barrett si tid i bandet. Songtittelen er òg relatert til Barrett sitt kallenamn: Shine on You crazy Diamond. Ordet «Diamond» kan òg mogelegeins tyde LSD, som i The Beatles sin song «Lucy in the Sky with Diamonds», og kan vere ein referanse til Barrett sitt enorme forbruk av LSD.
Del I–V
endre
Remember when you were young,
Roger Waters (1975)
|
Part I (Wright, Waters, Gilmour; frå 0:00 – 3:55) byrjar med fleire tangentinstrumentlydar som gradvis kjem inn, laga av ein VCS3-synthesizer, ein ARP Solina, eit hammondorgel og lyden av våte fingrar som vert gnidd rundt kanten av eit vinglas fylt med forskjellige mengder vatn (denne lyden kom frå eit tidlegare Pink Floyd-prosjekt kalla Household Objects, der bandet prøvde å spele inn eit heilt album utan å bruke musikkinstrument). Etter ei stund startar eit enkelt Minimoog-parti og ein lengre gitarsolo av Gilmour. Denne delen endar med at delar av synthesizarlydane gradvis forsvinn inn i bakgrunnen.
Part II (Gilmour, Waters, Wright; frå 3:55 – 6:28) byrjar med eit gitarriff av fire tonar (B, F, G, E) som vert repetert om att og om att gjennom denne delen. Delen inneheld gitarsolo nummer to av Gilmour, og Nick Mason startar opp på trommene. Gitarriffet vert av og til kalla «Syd’s Theme».
Part III (Waters, Gilmour, Wright; frå 6:29 – 8:43) byrjar med ein Minimoog-solo av Wright, etter følgt av den tredje gitarsoloen av Gilmour i ein meir bluesaktig stil.
Part IV (Gilmour, Wright, Waters; frå 8:44 – 11:10) Tekstparitet. Waters syng solovokal med Gilmour, Wright og kordamer på harmonivokal.
Part V (Waters, frå 11:11 – 13:34) Denne delen har to gitarar som speler riffet frå Part II i om lag eitt minutt, før Dick Parry startar ein saksofonsolo. Etter ei stund stoppar det meste av kompet, og berre saksofonen og ein ARP-synthesizer vert igjen i lag med eit arpeggio gitarriff som gradvis forsvinn i bakgrunnen. Til slutt kjem ein maskinlikande dur og songen glir over i "Welcome to the Machine".
Part VI–IX
endrePart VI (Wright, Waters, Gilmour; frå 0:00 – 5:00) byrjar med ein ulande vind frå avslutninga av songen før, «Wish You Were Here». Etter kvart kjem Gilmour inn med ein bassgitar, og så Waters med enno ein annan bassgitar. Wright legg seg så på med ARP-strykarar, før Gilmour startar på rytmegitar i lag med trommene til Mason. Ein Minimoog-synthesizer spelar så ein solo, og etter to minutt legg Gilmour seg på soloen med ein lap steelgitar
Part VII (Waters, Gilmour, Wright; frå 5:01 – 6:05) inneheld siste verset og refrenget, identiske til vokalpartia i part IV.
Part VIII (Gilmour, Wright, Waters; frå 6:05 – 9:05) startar med Waters på elektrisk gitar, medan Gilmour spelar eit arpeggio riff, og songen glir over i eit meir funky komp, før han sakte forsvinn i bakgrunnen, medan ein synthesizerakkord heng igjen, og songen glir over i siste del. På konsertversjonar på In the Flesh-turneen i 1977 vart denne delen ofte utvida, og kunne vare opp til 10 minutt.
Part IX (Wright, få 9:05 – 12:31) er siste delen av verket, skriven av Wright, og fungerer som ein sørgemarsj og lovprising av Syd Barrett. Songen inneheld stort sett berre Wright på tangentar og Mason på trommer. Medan songen gradvis forsvinn ut, kan ein høyre ein kort bit av melodien til «See Emily Play» (ved 12:07), ein av Syd Barrett sine mest kjende songar.
Fakta
endre- Enkelte CD-utgåver av Wish You Were Here omtalar songane som «Shine on You Crazy Diamond Part 1» og «Shine on You Crazy Diamond Part 2». Desse utgåvene inneheld nøyaktig den same musikken som dei andre utgåvene.
- Ei vidkjent soge frå innspelingane av plata, er at ein mann med barbert hovud og augebryn kom inn i studio under miksinga av «Shine on You Crazy Diamond». Bandet kjende ikkje igjen mannen, men oppdaga med eitt at det var Syd Barrett, som hadde lagt på seg ein god del. Sidan dei miksa songane, måtte dei høyre songane om att og om att, noko ikkje Barrett kunne skjøne, sidan dei alt hadde høyrt songane ein gong. «Wish You Were Here» var ein av songane som skal ha blitt spelt, og då bandet spurte Barrett om kva han syns om han, skal han ha svara at han syns songen høyrdest «litt gamal ut». Han vart godt tatt imot av bandet, og vart invitert til bryllaupsfesten til Gilmour (som var same dagen), men stakk av utan å seie noko.[2] Det var siste gong dei andre bandmedlemmane såg Barrett.[3] Gilmour har nyleg bekrefta soga, men hugsar ikkje kva song dei arbeida på då Barrett dukka opp.[4]
- I mars 2005 sette musikkmagasinet Q «Shine On You Crazy Diamond, Parts I–V» på 25. plass over dei 100 beste gitarsongane nokon sinne.
Konsertutgåver
endreSongen vart først spelt på ein fransk turné i juni 1974 som «Shine On». Songen vart introdusert som «Shine on You Crazy Diamond» for første gong på den britiske turnéen i november 1974, og på denne tida vart songen spelt som eit einaste langt stykke utan å vere delt på midten. I tillegg hadde songen utdrag av Barrett sin solosong «Dark Globe».
På den nordamerikanske turnéen i 1975 vart songen spelt i to delar med «Have a Cigar» i mellom. Denne versjonen frå 1975 var ganske lik albumversjonen, men hadde framleis små skilnadar. Bandet spelte heile Wish You Were Here på In the Flesh-turnéen i 1977. Særleg den andre delen av songen kunne vere ein god del lengre enn på albumversjonen, og ofte kunne heile stykket totalt sett strekke seg over 30 minutt.
Del 1-5 av songen vart eit fast innslag i Pink Floyd sine konsertar frå 1987 til 1994, og pla ofte å vere opningssporet, bortsett frå dei elleve første konsertane i 1987 då «Echoes» var opningspor. Ofte vart den tredje gitarsoloen i songen fjerna frå desse konsertane.
I det siste har David Gilmour spelt nesten heile stykket på sine solokonsertar (bortsett frå Del 8 og 9). På On an Island-turnéen sin i 2006 spela han derimot berre Del 1-5 (med nytt arrangement).
Roger Waters spelte òg songen på sine solokonsertar i 1999 og 2000, og ein versjon er med på konsertalbumet hans In the Flesh. I 2002 spelte Waters alle delane av songen (bortsett frå at del 8 var korta ned litt), og i 2006 spelte han ei forkorta utgåve på The Dark Side of the Moon Live-turnéen.
Medverkande
endre- Musikk — David Gilmour, Roger Waters, Rick Wright
- Tekst — Roger Waters
- Roger Waters — bassgitar, solovokal, elektrisk gitar på Del 8
- David Gilmour — Fender Stratocaster, harmonivokal, lap steelgitar på Del 6, bassgitar på Del 6 , EMS Synthi AKS
- Richard Wright — Hammondorgel, ARP String Ensemble, Minimoog Synthesizer, clavinet på Del 8, Fender Rhodes på Del 8, piano på Del 3 og 9, harmonivokal
- Nick Mason — trommer, perkusjon
- Dick Parry — saksofonar
- Carlena Williams — kordame
- Venetta Fields — kordame
Innspelt frå januar til juli 1975 ved Abbey Road Studios i London.
Utgjevingar
endre«Shine On You Crazy Diamond» finst på følgjande utgjevingar:
- Album
- Wish You Were Here (original) – Pink Floyd, 1975
- A Collection of Great Dance Songs (redigert versjon) – Pink Floyd, 1981[5]
- Delicate Sound of Thunder (konsertopptak, Parts I–V) – Pink Floyd, 1988
- PULSE (konsertopptak, Parts I–V og VII) – Pink Floyd, 1995
- In the Flesh – Live (konsertopptak, Parts I–VIII) – Roger Waters, 2000
- Echoes: The Best of Pink Floyd (redigert versjon) – Pink Floyd, 2001[6]
- Live in Gdańsk (konsertopptak, Parts I–II, IV–V) – David Gilmour, 2008
- Wish You Were Here 2011-ommastring «Experience»- og «Immersion»-samlingane (tidleg konsertversjon innspelt i november 1974) – Pink Floyd, 2011
- A Foot in the Door – The Best of Pink Floyd (redigert versjon, Parts I–V) – Pink Floyd, 2011
- Live at Pompeii (konsertopptak, Parts I–II, IV–V) – David Gilmour, 2017
- Video/DVD/BD
- Delicate Sound of Thunder (VHS, berre Part I) – Pink Floyd, 1988
- PULSE (VHS og DVD, Parts I–V og VII) – Pink Floyd, 1995 (VHS) 2006 (DVD)
- In the Flesh – Live (DVD, Parts I–VIII) – Roger Waters, 2000
- David Gilmour in Concert (DVD, Parts I–II, IV–V and VI–VII, reprise av Part V) – David Gilmour, 2002
- Remember That Night (DVD og BD, Parts I–II og IV–V) – David Gilmour, 2007
- Live in Gdańsk 3-disk, 4-disk og luksusutgåvene (Parts I–II, IV–V) – David Gilmour, 2008
- Live at Pompeii (DVD, BD og luksusutgåvene, Parts I–II, IV–V) – David Gilmour, 2017
Merknadar
endre- ↑ http://www.geocities.com/cgwhitman2/pf/pf1974.html
- ↑ "Shine On!" Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine., Total Guitar, september 1996
- ↑ David Gilmour inervju Arkivert 2007-02-16 ved Wayback Machine., "Q Magazine", juni 1999
- ↑ La Repubblica, 3. februar 2006, oversetjing her Arkivert 2006-08-26 ved Wayback Machine.
- ↑ Ruhlmann, William. «A Collection of Great Dance Songs - Pink Floyd : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 30. juni 2013.
- ↑ «Echoes: the album credits». Pink Floyd. Arkivert frå originalen 2. juni 2010. Henta 13. juni 2019.