Steve Winwood
Stephen Lawrence «Steve» Winwood (fødd 12. mai 1948) er ein engelsk musikar og låtskrivar.
Steve Winwood | |||
Winwood spelar på Cropredy Festival 13. august 2009 Foto: Brian Marks | |||
Fødd | 12. mai 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Handsworth i Birmingham i England | ||
Fødenamn | Stephen Lawrence Winwood | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1963 til i dag | ||
Sjanger | Rock, progressiv rock, blue-eyed soul, bluesrock, psykedelisk rock | ||
Instrument | Vokal, tangentinstrument, bassgitar, gitar, trommer, mandolin, elektrisk orgel, synthesizerar, fiolinar | ||
Kjende instrument | Hammond B-3 | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | Spencer Davis Group, Traffic, Blind Faith, Eric Clapton | ||
Plateselskap | Island Records, Virgin Records, Columbia Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Mor | Lilian Saunders | ||
Far | Lawrence Winwood | ||
Gift med | Eugenia Winwood, Nicole Weir | ||
Born | Mary-Clare Elliot, Eliza Winwood, Cal Winwood, Lilly Winwood |
Winwood byrja tidleg å interessere seg for musikk, i første omgangen jazz og dixieland. Han byrja difor tidleg å spele ulike instrument, som trommer, gitar og piano og allereie då han var åtte år spelte han i eit familieband.
I byrjinga på 1960-talet byrja han i broren Muff Winwood sitt band, The Muff Woody Jazz Band. I 1963 slutta gitaristen Spencer Davis seg til bandet, og dei endra namn til The Spencer Davis Group. Spencer Davis Group spelte såkalla «blåaugd soul». Winwood vart rekna som å vere eit vedunderbarn då han til trass for den unge alderen sin var ein respektert keybordist på hammondorgel og hans klåre tenorstemme og song på linje med dei store soulsongarane.
Gruppa hadde store hittar, som «Keep on Running» og «Gimme Some Lovin», men Winwood forlét gruppa i 1967 for å byrje i det meir psykedelisk orienterte bandet Traffic. I 1969 vart dette bandet oppløyst og Winwood slo seg saman med den gamle venen sin Eric Clapton som då akkurat hadde lagt ned Cream. Saman med to andre danna dei gruppa Blind Faith. Gruppa hadde ein stor hit i «Can't Find My Way Home», men det vart likevel ei kortliva gruppe då ho vart oppløyst alt i november same år. Traffic vart samla igjen i 1970 og fortsette fram til 1976 då ho vart oppløyst for godt.
I 1977 gav han ut sit første soloalbum og i 1986 vart Back In The Highlife gjeve ut, og denne vart det store gjennombrotet til Winwood som soloartist med hitsinglane «Higher Love» og «Wake Me Up On Judgement Day». For den første av desse fekk han òg Grammy Award. Han stadfesta populariteten sin med albuma Roll With It frå 1988 og Refugees Of The Heart frå 1990, som begge vart storseljarar. I 1994 vart Winwood og Jim Capaldi frå Traffic gjenforeint, og desse gav ut albumet Far From Home. Winwood gav i 1997 ut albumet Junction Seven og fekk ein radiohit med songen «Spy In The House Of Love». Han hadde deretter eit lengre opphald før han gjorde comeback med About Time i 2003 som vart følgt opp med Nine Lives i 2008.
I 2004 sampla Eric Prydz Winwood-songen «Valerie» til megahiten «Call On Me».
Diskografi
endreSolo
endre- 1977: Steve Winwood
- 1980: Arc of a Diver
- 1982: Talking Back to the Night
- 1986: Back in the High Life
- 1988: Roll with It
- 1990: Refugees of the Heart
- 1997: Junction Seven
- 2003: About Time
- 2008: Nine Lives
- 2009: Live from Madison Square Garden (med Eric Clapton)
Traffic
endre- 1967: Mr. Fantasy
- 1968: Traffic
- 1969: Last Exit
- 1970: John Barleycorn Must Die
- 1971: The Low Spark of High Heeled Boys
- 1973: Shoot Out at the Fantasy Factory
- 1974: When the Eagle Flies
- 1994: Far from Home
Blind Faith
endre- 1969: Blind Faith
- 1976: Go
- 1976: Go Live from Paris
Studiomusikar
endre- Chris Knipp - blast
- The Jimi Hendrix Experience - Electric Ladyland, 1968
- McDonald and Giles - McDonald and Giles, 1971
- Shawn Phillips - Faces, 1972
- London Symphony Orchestra – Tommy - As Performed by the London Symphony Orchestra & Chamber Choir, 1972
- Jim Capaldi - Oh How We Danced, 1972
- Lou Reed - Berlin, 1973
- Jim Capaldi - Whale Meat Again, 1974
- Jim Capaldi - Short Cut Draw Blood, 1975
- Jade Warrior - Waves, 1975
- Toots & the maitals - Reggae Got Soul, 1976
- John Martyn – One World, 1977
- Pierre Moerlen's Gong - Downwind, 1978
- George Harrison - George Harrison, 1978
- Jim Capaldi - Daughter of the Night, 1978
- Marienne Faithfull - Broken English, 1979
- Jim Capaldi - The Sweet Smell of... Success, 1980
- Jim Capaldi - Let the Thunder Cry, 1981
- Marienne Faithfull - Dangerous Acquaintances, 1981
- Jim Capaldi - Fierce Heart, 1983
- David Gilmour - About Face, 1984
- Christine McVie - Christine McVie, 1984
- Eddie Harris - E.H. in the U.K.
- Vivian Stanshall - Sir Henry at Rawlinson End, Teddy Boys Don't Knit
- Billy Joel - The Bridge, 1986
- Talk Talk - The Colour of Spring, 1986
- Soulsister - Heat, 1990
- Paul Weller - Stanley Road, 1995
- Grateful Dead, spelte ein spesiell versjon av «Low Spark of High Heeled Boys»
- Eric Clapton – Back Home, 2005
- Eric Clapton – Clapton, 2010
- Slash – Hey Joe Rock N' Roll Hall of Fame, 2010
- Miranda Lambert – Four the Record, 2011
- Eric Clapton – Old Sock, 2013
- Gov't Mule - Shout!, 2013
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Steve Winwood» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2011.