Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Battle Royale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Battle Royale
Batoru Rowaiaru
Forfattar(ar)Koushun Takami
Språkjapansk
SjangerDystopi
Utgjeven1999
ForlagDamm
Sider607
ISBN 9788204105134

Battle Royale er ein dystopisk japansk roman av Koushun Takami. Romanen var ferdigskriven i 1996, men blei ikkje publisert før i 1999. Boka blei uventa ein bestseljar og har fått gode meldingar. Battle Royale har selt over ein million eksemplar, og er omsett til kinesisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk, russisk og ungarsk. Ei norsk bokmålsutgåve kom i 2006.

Battle Royale handlar om 42 ungdomskuleelevar som blir plassert på øya Okishima i Japan, for å bli med i «Programmet», ein konkurranse der elevar skal drepe til ein einaste er att i live. Alle elevane får eit halsband som vil eksplodere, dersom ikkje minst ein elev blir drepen kvart døgn. Hovudpersonane i boka er Shuya Nanahara, Noriko Nakagawa og Shogo Kawada.

Året etter romanen kom ut blei det laga ei manga-utgåve av Battle Royale og ein film.

Triologien Dødslekene har fått kritikk for å ha ei veldig lik handling.

Karakterar

[endre | endre wikiteksten]
Gutar Jenter
Nummer Namn Nummer Namn
1 Yoshio Akamatsu 1 Mizuho Inada
2 Keita Iijima 2 Yukie Utsumi
3 Tatsumichi Oki 3 Megumi Eto
4 Toshinori Oda 4 Sakura Ogawa
5 Shogo Kawada 5 Izumi Kanai
6 Kazuo Kiriyama 6 Yukiko Kitano
7 Yoshitoki Kuninobu 7 Yumiko Kusaka
8 Yoji Kuramoto 8 Kayoko Kotohiki
9 Hiroshi Kuronaga 9 Yuko Sakaki
10 Ryuhei Sasagawa 10 Hirono Shimizu]
11 Hiroki Sugimura 11 Mitsuko Souma
12 Yutaka Seto 12 Haruka Tanizawa
13 Yuichiro Takiguchi 13 Takako Chigusa
14 Sho Tsukioka]] 14 Mayumi Tendo]]
15 Shuya Nanahara 15 Noriko Nakagawa
16 Kazushi Niida 16 Yuka Nakagawa
17 Mitsuru Numai 17 Satomi Noda
18 Tadakatsu Hatagami 18 Fumiyo Fujiyoshi
19 Shinji Mimura 19 Chisato Matsui
20 Kyoichi Motobuchi 20 Kaori Minami
21 Kazuhiko Yamamoto 21 Yoshimi Yahagi
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.